Inaktiv

Vi søker: Formidlar/Museumspedagog i 100% stilling, sesongengasjement

Arbeidsgiver
Stiftinga Viti
Stillingstittel
Formidler (kunst og kultur)
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Viti søker ein formidlar som blir del av formidlingsteamet ved dei kulturhistoriske musea i Ålesund; Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Fiskerimuseet.


Formidlaren får særleg ansvar for å førebu, leie og gjennomføre sommarformidlinga ved musea. Les meir om sommarformidlinga her.


Periode: 1. mai til og med 30. september.


Vi oppfordrar deg som har master i relevante kulturfag til å søke, og vi vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile den utlyste perioden.


Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:
  • Er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Har interesse og /eller fagbakgrunn innan museum og historie
  • Har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk
  • Er sjølvstendig, strukturert og ryddig
  • Har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar

Vi tilbyr:
  • Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter tariff og kvalifikasjonar. Aktuell plassering er enten 1408 førstekonsulent eller 1434 rådgjevar med lønn fra 466 600,- til 532 200,-
  • Alle tilsette i Viti får medlemsskap i KLP.



Arbeidstid varierer og blir sett inn i ein turnus som også kan vere helg.


Søknadsfrist: 26. april. Ver vennleg å spesifiser kva stilling du søker på.


Vitnemål og attestar skal leggast ved i søknaden. Vi krev vandelsattest til formidlarstillingane.


Send søknad til post@vitimusea.no

Sektor
Privat
Sted
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Kontor og administrasjon, Rådgivning
FINN-kode
347564203
Sist endret
08. apr. 2024 12:22