Inaktiv

Vi søker: Formidlarar til sommarsesongen

Arbeidsgiver
Stiftinga Viti
Stillingstittel
Museumsformidler
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Viti søker to formidlarar til sommarsesongen på Sunnmøre museum og Middelaldermuseet som skal møte publikum i historiske kostymer, i hus og tun. Formidlarane skal legge til rette for aktivitetar, formidle og utføre diverse arbeid knytt til hus, tun og museumsområde.


Vi oppfordrar ungdom til å søke.


Periode: Arbeidet skjer i perioden 23. juni til og med 9. august, og kvar av stillingane tilsvara tre veker à 37,5 timar fordelt på perioden.


Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:
  • Er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Har interesse og /eller fagbakgrunn innan museum og historie
  • Har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk
  • Er sjølvstendig, strukturert og ryddig
  • Har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar

Vi tilbyr:
  • Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter tariff og kvalifikasjonar. Aktuell plassering for sommarformidlarar i stillingskode 1078 betjent frå 374 000,- til 418 500.-
  • Alle tilsette i Viti får medlemsskap i KLP.

Arbeidstid varierer og blir sett inn i ein turnus som også kan vere helg.


Søknadsfrist: 26. april. Ver vennleg å spesifiser kva stilling du søker på.


Vitnemål og attestar skal leggast ved i søknaden. Vi krev vandelsattest til formidlarstillingane.


Send søknad til post@vitimusea.no

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Kontor og administrasjon
FINN-kode
347564013
Sist endret
08. apr. 2024 08:40