Inaktiv

IKT leiar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Stab, Sykkylven kommune
Stillingstittel
IKT leiar 100 % fast stilling
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle Sykkylven kommune? Vår noverande IKT leiar skal over i ny stilling i vår organisasjon, og vi søkjer difor etter ny IKT leiar

Offentleg sektor er inne i ein digital transformasjon som vil vere avgjerande for å kunne yte gode tenester til innbyggarane våre.
Sykkylven kommune ønskjer difor å vere innovative i bruk av sine IKT løysingar, samstundes som våre strategiske val er grunna i nasjonale føringar og bruk av nasjonale felleskomponentar. IKT teamet står for dagleg drift og forvaltning av lokal infrastruktur, kommunikasjonsløysingar og fagsystem. I tillegg står vi for utvikling og tilpassing av standard løysingar i eigen regi eller saman med eksterne leverandørar.
Ei sjølvstendig leiarstilling som jobbar tett saman med kommuneleiing og andre i organisasjonen. IKT teamet har fleire stillingar og vi er medlem i Digi Møre og Romsdal.

Området er under kontinuerleg utvikling. Det kan vere aktuelt med utvida samarbeid med andre kommunar.

Arbeidsstad:
Stillinga er organisatorisk plassert i Stab, med noverande kontor på rådhuset.



Arbeidsoppgåver

  • Utvikling og oppfølging av fagområdet – mot brukarar og strategisk mot kommuneleiing.
  • Rådgjevar for tenesteområda
  • Prosjekt og tverrfagleg arbeid; lede og delta.
  • Bidra i anskaffelse/kravspesifisering ved innkjøp av teknologi/ IKT løysingar
  • Sikkerhetsleiar
  • Dokumentasjon og planarbeid
  • Representere Sykkylven kommune i eksterne samarbeidsform
  • Leie det faglege arbeidet i IT avdelinga
  • Ansvar for drift av våre sine IT løysingar
  • Budsjett og fakturahandtering
  • Vaktordning er under utvikling

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har kompetanse til å kunne vere innovativ og forstå organisasjonen sine framtidige behov.

  • IT utdanning på høgskulenivå.
  • Erfaring og praksis kan kompensere for utdanning
  • Praksis/erfaring innan offentleg sektor er ein fordel, men ikkje noko krav.
  • Kunnskap og erfaring om prosjektleiing
  • Økonomikunnskap
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og handlekraftig
  • God til å kommunisere, både munnleg og skriftleg på norsk
  • Serviceinnstilt og positiv
  • Innovativ og løysingsorientering
  • Evne til å tenke strategisk og heilskapleg

Vi tilbyr

  • Spanande og interessante oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning i KLP
  • Gunstige låneordningar
  • Gode forsikringsordningar
  • Gratis parkering
  • Nærleik til eit eldorado for friluftsliv
  • Ingen "køkøyring" til jobben
  • Kort veg til "bylivet" i Ålesund ( 30-40 min)

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Ronny Utgård, IKT leiar, 90697788, ronny.utgard@sykkylven.kommune.no

Synnove Hunnes, Stabssjef, +47 901 40 282, synnove.hunnes@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4793125208

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, Ledelse, IT utvikling / Utvikler (generell)
FINN-kode
347113738
Sist endret
23. apr. 2024 11:17