Klubbmedarbeidar - Kaihuset

Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering
Stillingstittel
Klubbmedarbeidar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 20% stilling som klubbmedarbeidar ved Kaihuset i Ørsta frå snarast.

Kaihuset og open møteplass er kommunale fritidstilbod til ungdom. Kaihuset ungdomshus opna dørene i 1999, og er ungdommen sitt eige lokale.
På kaihuset har vi ungdomskafe med kiosk, spel/aktivitetar, scene og musikkrom. Her er det fritidsklubb med kveldsope kvar veke, og i tillegg arrangement og konsertar, nattope, filmkveldar og meir. Ungdomskafeen er open for ungdom frå 8. klasse til 18 år, og er sjølvsagt 100% rusfri. Ungdomsklubben si opningstid fyl skuleåret. 

Open møteplass er eit tilbod etter skuletid for ungdom frå 6. klasse til 18 år, vi nyttar kiosken og foajeen i Ørstahallen og har i tillegg banetid kvar dag. Tilbodet er ope kvar vekedag frå 1345/1445 -1700, og er også noko ope i skuleferiar. Her får ungdommane eit gratis måltid med sunn mat og frukt, tilbod om leksehjelp, og elles har vi utstyr for diverse aktivitetar på bane i hallen. 

Både Kaihuset og open møteplass er lågterskeltilbod der ungdommane kan kome og gå som dei ynskjer, vi har ikkje noko form for medlemskap. Med unntak av ved spesielle arrangement, som til dømes nokre av konsertane på Kaihuset, kostar det ikkje noko å delta på våre tilbod.



Arbeidsoppgåver

Som klubbmedarbeidar jobbar du under opningskveldar og arrangement i Kaihuset sin regi, og er ein trygg vaksen i møte med ungdommane. Du deltek i planleggjing og gjennomføring av aktiviteter og arrangement, og er med på å vidareutvikle ungdomstilbodet i Ørsta. Kaihuset har aktivitet både i eigne lokale og i Ørstahallen, hovudsakleg lagt til tysdagar, torsdagar og fredagar gjennom skuleåret. Vi har aktivitet både rett etter skuletid og på kveldstid, arbeidstid på kveld 1-2 dagar i veka må påreknast. Kaihuset er delaktig i planleggjing og gjennomføring av t.d. UKM, noko arbeid på helg må også påreknast.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har formell kompetanse i og/eller erfaring frå arbeid med ungdom. Du kan gjerne vere barne- og ungdomsarbeidar. Relevant erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning. Stillinga kan gjerne kombinerast med andre deltidsstillingar i Ørsta kommune, så sant det er praktisk mogleg. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. 

Personlege eigenskapar

Ørsta kommune sine verdiar er uttrykt med omgrepa tillit, energi, løysingsvilje og utvikling.  I vurderinga av søkjarane vil personlege eigenskapar verte vektlagde. Den som vert tilsett i stillinga, må ha god relasjonskompetanse og vere godt personleg eigna til å arbeide med ungdom. Som tilsett på Kaihuset vil arbeidskvardagen innebere tett kontakt og samarbeid med både andre tilsette og frivijuge ungdommar (crew). Det er avgjerande at den som vert tilsett i stillinga er fleksibel og kan utføre oppgåver sjølvstendig og på eige initiativ. 

Vi tilbyr

Meiningsfylt arbeid for deg som likar å arbeide med ungdom
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
 
Stillinga er plassert i kap. 4. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett ved tilsetting.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. 
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Hans Robert Bondhus, Rektor/Tenesteleiar, 952 20459, hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 1

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4790598865

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 1, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
347110346
Sist endret
05. apr. 2024 01:18