Inaktiv

Fysioterapeut/spesialfysioterapeut

Arbeidsgiver
Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sengepost for kreft og blodsjukdommar har ledig 50% korttidsvikariat. Vikariatet gjeld frå 01.08.24 - 31.12.24, det kan og verte høve for forlenging av vikariatet.

Kreftavdelinga inneheld ein sengepost med 20 sengeplassar med fagområde onkologi, palliasjon og hematologi. I kreftavdelinga finn ein mange dyktige medarbeidarar, og vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø med spennande fagområder.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

Som fysioterapeut i Kreftavdelinga har du ansvar for å yte fysioterapi til kreftpasientar i alle fasar av sin sjukdom. Eksempel på dette er pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling. Ein jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling, symptomlindring, informasjon, koordinering av tenester, omsorg og støtte.

  • Vurdering og igangsetting av tiltak og rettleiing
  • Samarbeid med kommunale fysio- og ergoterapeutar
  • Bidra i tverrfagleg samarbeid med andre i spesialisthelsetenesten

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent autorisasjon som fysioterapeut
  • Interesse for fagområdet kreft og palliasjon
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • God IKT - kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og framtidsretta
  • Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du arbeidar strukturert, er ryddig og nøyaktig i arbeidet ditt
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4789160083

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 19.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
347107375
Sist endret
05. apr. 2024 12:58