Sjukepleiar, 100% vikariat, heimetenesta Husnes

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta Husnes
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Heimetenesta er ein spanande arbeidsstad med mange og varierte utfordringar. Vi har eit godt og pulserande arbeidsmiljø. Vi er gode på  internundervisning med fokus på faglig oppdatering. No søkjer vi etter sjukepleiar i 100% stilling. Stillinga er eit vikariat med moglegheit for fast stilling etter vikarperioden. Arbeidet inneber turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Oppmøtestad Husnes. Vikariatet er gjeldande for perioden  20.08.2024-20.08.2025. 

 Arbeidsoppgåver

  • Ordinære arbeidsoppgåver i heimetenesta
  • Sjukepleiefaglege prosedyrar og observasjonar
  • Tverrfagleg samarbeid

 Kvalifikasjonar

  • Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar. Om me ikkje får kvalifiserte sjukepleiarar, kan ein vurdere å tilsetje helsefagarbeidar i vikariat. 

  • Søkjar må ha sertifikat klasse B.
  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du kan vise til erfaring eller utdanning innan eit eller fleire av desse fagområda: omsorgsteknologi, eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar/akuttsjukepleie i kommunane, kvardagsrehabilitering, demens/geriatri, lunge/kols, gastro/stomi, ernæring, smittevern.

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

 Personlege eigenskaper

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert

  • Ha gode evner til kommunikasjon og til å motivere andre
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Gratis SFO
  • Maksprisar i barnehage
  • Inga eigedomsskatt

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
347099791
Sist endret
08. apr. 2024 06:10