Teamleder Infrastruktur Nordfjordnett

Arbeidsgiver
IKT Nordfjord
Stillingstittel
Teamleder Infrastruktur Nordfjordnett
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med og løfte Nordfjordkommunane sitt digitale tenestetilbod?

IKT Nordfjord søker no Teamleder Infrastruktur i driftseininga Nordfjordnett, med tilsetjing så snart som mogleg.

Som Teamleder Infrastruktur jobbar du på ein avdeling med 4 tilsette og 1 lærling og har som jobb og følgje opp teamets leveranse og utvikling. Du jobbar også tett med CTO, Brukarstøtte og Teamleder for Server og Appliksjon.

Du kan finne vår tenestekatalog på vår heimeside www.nordfjordnett.no.

Kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn samarbeider om utvikling og drift av digitale tenester. Samarbeidet omfattar driftseininga Nordfjordnett som er lokalisert i Måløy og Strategisk eining som er lokalisert på Nordfjordeid. Samarbeidet er organisert som eit oppgåvefellesskap med eige styre og representantskap.

IKT Nordfjord skal legge til rette for digitalisering i samarbeidskommunane- saman med kommunane. IKT Nordfjord sitt overordna mål er å tilby eit heilskapleg digitalt tilbod til brukarar, tilsette og innbyggarar gjennom tenleg bruk av tidsrette løysingar og verktøy.

Det er eit tett samarbeid mellom dei to einingane for å sikre heilskaplege og trygge tenester på alle nivå innan digitalisering og utvikling. IKT Nordfjord som tenesteytar skal vere oppdatert på felleskomponentane og leverandørmarknaden og er kommunane sin rådgjevar innanfor digitalisering og informasjonstryggleik. IKT Nordfjord er kontraktspart, driv porteføljestyring og er budsjettansvarlege for fagsystem og applikasjonar i samarbeidet.

Vi søkjer ein kunnskapsrik, engasjert og omgjengeleg person som skal bidra til at innbyggarar og tilsette får betre digitale løysingar. Teamleder for Infrastruktur må kunne vise gjennomføringskraft og kunne skape gode relasjonar.

Stillinga er lokalisert i Måløy saman med driftseininga. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.



Arbeidsoppgåver

· Ansvarlig for teamets tjenesteleveranse
· Økonomioppgåver - fakturabehandling, budsjettarbeid
· Prosjektdeltaking
· Leverandøroppfølging
· Vere oppdatert på dagens og framtidas løysingar og teknologitrendar
· Personoppgåver og ansvarlig for faglig utvikling av teamet
· Ansvarlig for utvikling, dokumentasjon og prosessforbedringer

Kvalifikasjonar

· Relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
· God digital forståing og forståing for samanhengen mellom teknologi, organisasjon og menneske
· God organisasjons- og systemforståing
· Erfaring som lederrolle
· God munnleg og skriftleg formidlingsevne
· God erfaring knytt til dialog og oppfølging av leverandørar

Personlege eigenskapar

· Gode kommunikasjonsevner
· Evne til å skape tillit, skape relasjonar og få til samarbeid
· Strukturert og målretta i arbeidet
· Resultatorientert og tolmodig
· Initiativrik, sjølvstendig og motiverande

Vi tilbyr

Lønn etter avtale

God pensjonsordning

Intern opplæring og fagøkter

Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø

Kontaktinformasjon

Bent Eikeberg, Dagleg Leiar, 95091188, bent.eikeberg@iktnordfjord.no

Arbeidsstad

Myrane 14

6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4792811363

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Myrane 14, 6718 Deknepollen
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, IT utvikling / Utvikler (generell), Prosjektledelse
FINN-kode
347085245
Sist endret
05. apr. 2024 01:24