Spesialfysioterapeut/Fysioterapeut

Arbeidsgiver
Seksjon for klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Spesialfysioterapeut/Fysioterapeut
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 100% vikariat for spesialfysioterapeut/fysioterapeut i seksjon for Kliniske støttefunksjonar ved Ålesund sjukehus. 

Vi har totalt 11 stillingar for fysioterapeut og  2 turnuskandidatar. Du vil vere ein del av dette teamet. Dine daglege arbeidsoppgåver vil hovudsakleg være knytta til medisinsk avdeling og intensivavdelinga. Medisinsk avdeling har 3 ulike sengepostar og du vil kunne ha oppgåver ved alle desse, hovuddtyngda av pasientar er lungepasientar, pasientar med ulike infeksjonar, geriatriske pasientar, hjertepasientar og slagpasientar.  I intensivavdelinga kan det i tillegg til desse pasientane vere nyopererte og alvorleg skadde pasientar som treng behandling.

Ved intern rokkering kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar. Oppstartstidspunkt kan avtalast.

Det blir ledig kortare vikariat, td ferievikariat med andre oppgåver. Ver vennlig å oppgi om det er aktuelt i søknaden, og når du i tilfelle da kan arbeide. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, vurdering og oppfølging av pasientar ved medisinsk avdeling eller andre avdelingar
  • Undervisning og opplæring av pasientar
  • Delta i felles vaktordning som gjeld heile sjukehuset
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, sjukepleiar og ergoterapeutar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Vidareutdanning som fysioterapeut kan vere ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og har evne til sjølvstendig arbeid
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du trives med teamarbeid
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg
.Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Bente Marit Borhaug, Seksjonsleiar, 70105177, Bente.Marit.Borhaug@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4790952720

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 06.05.2024

Sluttdato: 31.05.2025

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
347073082
Sist endret
05. apr. 2024 12:56