Sokneprest i Haugaland prosti med Ølen og Bjoa sokn som tenestestad
- Arbeidsgiver
- Stavanger bispedømmeråd
- Stillingstittel
- Sokneprest i Haugaland prosti med Ølen og Bjoa sokn som tenestestad.
- Frist
- 21.04.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ein aktiv kyrkjelyd søkjer sokneprest som deler ynskjet om å vere ei misjonal kyrkje i lokalsamfunnet. Ølen og Bjoa sokn har mange frivillige medarbeidarar og satsar særleg på trusopplæring og inkluderande kyrkjeliv.
Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområde. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike område. Samarbeidet mellom kyrkja, barnehagar og skular er godt. Vindafjord kyrkjelege fellesråd har kateket i 80 % stilling. I tillegg er det trusopplæringsmedarbeidarar knytt til dei ulike sokna. Det er eit aktivt organisasjonsliv i soknet. Mange frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og trusopplæringstiltak. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.
Ølen er knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet og Bjoa har kultur-røter som strekk seg langt tilbake i tid. Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv.
Det er åtte kyrkjer i kommunen. To av desse ligg i Ølen og Bjoa sokn. Soknepresten i Ølen og Bjoa gjer teneste i samspel med dei to andre sokneprestane i Vindafjord kommune.Prosten samlar prestane om lag 10 gonger i året til pastoralsamlingar, som er av fagleg og sosial karakter. Desse blir lagt til ulike stadar i
Haugaland prosti, som består av 5 kommunar: Haugesund, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord.
Medlemstalet i Ølen og Bjoa sokn var i fjor 2205, medan innbyggjartalet var 3151. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med kommunen. Kontoret til soknepresten ligg i Vindafjord rådhus i Ølen. Vindafjord kyrkjekontor, der kyrkjeverja held til, ligg i Skjold kyrkje.
«Der vegane møtest»: Ølen er kommunesenteret og eit knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet. Her møtest bussar og biltrafi kk frå aust til vest, og båten frå nord. Sentrum er godt bygt ut med gode tenestetilbod innan handel og service. Her er idretts- og symjehall, barnehage, barne- og ungdomsskule
og Ølen vidaregåande skule. I Ølensvåg ligg Lundaneset vidaregåande skule. Bjoa er ei kulturbygd, med rike minne frå fortida. Her er det også store og innovative verksemder. I Ølen og i Ølensvåg er det rikt næringsliv med mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Her er flott natur, gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Haugesund er næraste by, ca 45 km vestover.
Arbeidsoppgaver
- Ansvar for prestetenesta i samsvar med tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
- Tenestegjere i samarbeidsområdet i Vindafjord kommune.
- Gå inn i bakvakts- og beredskapsordninga i Haugaland prosti.
- Samarbeide nært med stab, sokneråd og utval.
- Gå inn i trusopplæringsarbeidet. Soknepresten har ansvaret for konfi rmantarbeidet.
- Enkelttenester ved særskilte behov i heile Haugaland prosti.
- Løfte fram verdien av diakoni, misjon og musikk-/ kulturarbeidet.
- Møte fast i Ølen og Bjoa sokneråd.
Kvalifikasjoner
Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende / Master i teologi og praktikum.
Personlige egenskaper
- Kunne inspirere og motivere.
- Være ein forkynnar som evner å tale relevant for menneske i dag og være ein god sjelesørjar.
- Har evne og vilje til samarbeid.
- Ha gode leiareigenskapar, og ha evne til å tenkje strategisk.
- Ha administrative evner.
Vi tilbyr
- Stillinga vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
- Vanlege regulativmessige godtgjeringar
- Skyss- og telefongodtgjering etter offentlege satsar.
- Pensjonsinnskot.
- Arbeidsvegleiing - ABV.
Andre opplysningar
- Tilsettingen skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir
tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan
infl uera på gjeremålet til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt. - Målforma er nynorsk.
- Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
- Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg, sjølv om ein
ber om ikkje å bli ført på denne lista, jf. Offentligheitslova par. 25, andre ledd. - Den som blir tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilte i utlysningsteksten. Søkjarane blir
bedne utforma ein egenpresentasjon i søknaden sin som svarer på dei utfordringane som kjem fram
i utlysningsteksten. - Alle søkjarar må søka elektronisk.
- Det er muligheter for å gå på ski i Olalia om vinteren, og det er båtforbindelse til Bergen.
Kontaktinformasjon
Gunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 51 84 62 70Rune S. Engedal, Prost i Haugaland prosti, 91 83 40 19
Arbeidssted
Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmerådReferansenr.: 4768167105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2024
- Sektor
- Privat
- Sted
- 5574 Skjold
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet
- FINN-kode
- 347064788
- Sist endret
- 05. apr. 2024 08:22