Inaktiv

Gloppen Hotell søker servitør med hjarte for godt vertskap

Arbeidsgiver
Gloppen Hotell
Stillingstittel
Servitør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi søker ditt smil og hjelpande hender. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som servitør er du sentral i gjesteopplevinga og møte med gjesten.


Vi søker deg som:


  • likar å vere der det skjer og er fleksibel.
  • brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.
  • trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.
  • er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
  • snakkar skandinavisk og er god på kommunikasjon.
  • synes det er greit at arbeidstidene vil variere.
  • interesse for mat og drikke.

Vi tilbyr deg:


  • gode moglegheiter for å vekse i stillinga.
  • god opplæring og varierte arbeidsoppgåver.
  • medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.
  • delaktig i vidareutvikling av hotellet.
  • å bli del av eit hotell-team som har fokus på å spele kvarandre gode.

Kan du tenke deg å jobbe hos oss ? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.


Vi gler oss til å høyre frå deg!


Smil frå team-Gloppen Hotell :)

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Kundeservice, Annet
FINN-kode
346964899
Sist endret
09. mai 2024 11:35