Sjukepleiar 22% tredelt turnus

Arbeidsgiver
Akuttmottak og observasjonspost Stord, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I akuttmottak og observasjonspost på Stord har me ledig vikariat som sjukepleiar 22 % stilling, i tredelt turnus. I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år. Enkelte dag- eller kveldsvakter kan førekomme. Stillinga er ledig frå nå og til 31.01.25



Arbeidsoppgåver

  • I stillinga inngår arbeid i akuttmottak og observasjonspost ved Stord sjukehus.
  • Som sjukepleiar i akuttmottak møter ein sjuke og skadde pasientar i alle aldersgrupper.
  • Du jobbar både sjølvstendig og som eit del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag.
  • Ta del i oppgåver som ligg i avdelinga
  • Mottak og triagering av pasientar og nødvendig oppfølging
  • Veiledning av sjukepleiarstudentar i medisinsk praksis

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
  • Søkjarar må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
  • Søkjarar bør ha erfaring med arbeid frå akuttmottak
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
  • Du må kunne takle akutte situasjonar og utøve fagleg klinisk blikk
  • Du har høg arbeidsmoral og er villig til å tileigne deg kunnskapar
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du er engasjert i faget og viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, er fleksibel og løysingsorientert
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid i akuttmottak

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Relevant opplæring
  • Eit aktivt, positivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
  • Fagleg utvikling

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4794279211

Stillingsprosent: 22%

Vikariat

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
346962849
Sist endret
16. apr. 2024 11:48