Inaktiv

Embete som tingrettsdommar ved Hordaland tingrett

Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Stillingstittel
Embete som tingrettsdommar ved Hordaland tingrett
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Det blir ledig eit embete som tingrettsdommar ved Hordaland tingrett. Tiltreding etter nærmare avtale.

Hordaland tingrett har to fast bemanna rettsstadar, rettsstad Bergen og rettsstad Lofthus. Kontorstad for stillinga vil vere ved rettsstaden Bergen. Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.

Hordaland tingrett har i dag til saman 41 dømande årsverk og ei samla bemanning på 89 årsverk. 

Hordaland tingrett dekker følgjande kommunar:  Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.


Kvalifikasjonskrav
  • Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur. eller master i rettsvitskap.
  • Søkjarar må vere norske statsborgarar.
  • For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.
  • Stillinga krev høg fagleg kompetanse, analytiske evner og høg integritet.
  • Du må vere personleg eigna og ha relevant arbeidserfaring.

Dommarane må opptre uavhengig av partane og kunne ivareta domstolane si konstitusjonelle uavhengigheit, ha ei tillitvekkande framferd i retten og kunne kommunisere godt med brukarane av domstolen


Vi tilbyr
  • Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som tingrettsdommar er per i dag kr. 1 351 700,-. Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %


Andre personlege eigenskapar
  • Godt juridisk skjønn
  • Arbeide sjølvstendig og vere i stand til å ta vanskelege avgjerder
  • Kommunisere godt skriftleg og munnleg
  • God evne til samarbeid
  • God gjennomføringsevne
  • Fleksibel og ha høg arbeidskapasitet
  • God rolleforståing

Andre opplysningar

Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.

Den som blir utnevnt må uten erstatning finne seg i de endringene som måtte bli gjort i domstolenes forretningskrets og organisering, f.eks. sammenslåing med andre domstoler. Omorganisering kan føre til bortfall av lederansvar, administrative oppgaver, endring av tittel og/eller nytt kontorsted.

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi merksam på at opplysningar om søker kan bli gjorde offentleg, sjølv om søkar har bede om konfidensiell behandling, jf. offentleglova § 25.

Ved å søke på stillingar i www.jobborge.no, samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkarlista.

Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.


Sektor
Offentlig
Sted
C. Sundts gate 42, 5004 Bergen
Stillingsfunksjon
Jurist
FINN-kode
346927198
Sist endret
05. apr. 2024 06:09