Inaktiv

Sommarvikar som overstyrmann i sambandet Festvåg-Misten, p.t. MF Bjørnsund

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Sommarvikar som overstyrmann i sambandet Festvåg-Misten, p.t. MF Bjørnsund
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har behov for 2 sommarvikarar i stilling som overstyrmann i sambandet Festvåg-Misten, p.t. MF Bjørnsund i perioden 24.06.24 tom 18.08.24.

Søkar bør bu innan ein times reiseveg i frå sambandet på grunn av skiftordning.

Skiftordning består av både dagvakter (08:30-18:00) og nattevakter (18:00-08:30).

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.

Ein flott sommarjobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3 sertifikat
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Synnøve Endal Andersen, Bemanningskoordinator, +47 90837879

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4794298826
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2024

Sektor
Privat
Sted
6900 Florø
Stillingsfunksjon
Annet, Sjøfart / Dekksoffiser
FINN-kode
346925150
Sist endret
05. apr. 2024 05:53