Barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Flåm barnehage

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Flåm barnehage
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Flåm barnehage har ledig to faste 100% stillingar som barne- og ungdomsarbeidar / assistent frå 05.08.24.

Flåm barnehage ligg fint til inst i Aurlandsfjorden på Lunden. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. Det er to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.

Arbeids- og ansvarsområde

-omsette teoretisk kunnskap i praksis

-ha kunnskap om relevant lovverk

-ha kunnskap om måla til barnehagen, og bidra til å nå desse

-ha kjennskap til sentrale overordna dokument

Me tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • Løn etter tariff
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • Gratis inngang til symjehallen
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Kvalifikasjonar

-Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

-Erfaring frå arbeid med barn kan erstatte fagbrev

Personlege eigenskapar

Vi vil at du skal:

-vere ein tydleg rollemodell

-vere  fokusert på gode løysingar

-ta initiativ i det daglege arbeidet

-vere fleksibel og open for endringar

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
  • gode pensjons- og  forsikringsordningar
  • politiattest etter barnehagelova må leverast før tilsetjing
Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Lundaåkeren 15, 5743 Flåm
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
346818192
Sist endret
04. apr. 2024 11:58