Inaktiv

Overingeniør molekylær patologi

Arbeidsgiver
Avdeling for patologi, Helse Førde
Stillingstittel
Overingeniør molekylær patologi
Frist
18.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Patologiavdelinga er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Avdelinga utfører eit stort spekter av
diagnostikk, med bruk av analyser frå klassiske mikroskopteknikkar til
molekylære analyser, samt obduksjonar. Vi er langt framme i digitalisering, og nyttar digital patologi der mesteparten av gransking no vert gjort på skjerm i staden for i mikroskop. Forutan klinisk diagnostikk deltek vi i utdanning av helsepersonell, rettleiing og regionale og nasjonale prosjekt, mellom anna knytt til Patologi i Vest og NorPrem.

Vi søkjer ein motivert og dyktig medarbeidar som kan bidra til å utføre og implementere molekylærbiologiske analyser ved avdelinga. Som medarbeidar hos oss, vert du del av eit godt fagmiljø med varierte arbeidsdagar. Våre medarbeidarar jobbar i tett samarbeid for å sikre presis
diagnostikk og tilpassa behandling for pasientane.  Arbeidstid er dagtid, noko reising må påreknast.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi,
ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals,
intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god
tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både
sommar og vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelssentrum
med eit rikt kulturelt tilbod som strekk seg frå kunst til konsertar. 

Vi ber søkjarar legge ved dokumentasjon på utdanning. 



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og vedlikehald for molekylærpatologisk laboratorium
  • Delta i rutinearbeid
  • Arbeid med metodevalidering/verifisering av nye metodar og utstyr
  • Opplæring og rettleiing av studentar og medarbeidarar
  • Bidra i arbeid med kvalitetssikring og forbetring

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå innan molekylærbiologi eller tilsvarande
  • Kunnskap/erfaring med metodeutvikling og neste generasjons sekvensering er ein fordel
  • Erfaring frå klinisk medisinsk laboratorium tel positivt
  • Kompetanse innan bioinformatikk er ønskjeleg
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evt engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og trivast i team
  • Initiativrik og fagleg engasjert
  • Påliteleg, sjølvstendig og strukturert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag
  • Fagleg utvikling
  • Engasjerte kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, +47 91806787

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4792445972

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 03.06.2024

Søknadsfrist: 18.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør
FINN-kode
346798934
Sist endret
04. apr. 2024 06:38