Inaktiv

Ledige stillingar

Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
Stillingstittel
Lærarstillingar ved Lærdalsøyri skule
Frist
24.04.2024

Beskrivelse

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

2 x 100% faste stillingar som faglærar/kontaktlærar

Krav til/ynskje om utdanning:

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 5. – 10. trinn
  • Me søkjer etter lærarar med fagkretsane norsk, engelsk, spansk og spesialpedagogikk
  • Det er og ynskjeleg med faga KRLE og samfunnsfag

For stillingane gjeld:

  • Ynskjeleg med undervisningserfaring i skulen
  • Gode IKT kunnskapar
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter krav i opplæringslova

Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Positivt elevsyn med evne til å skape gode relasjonar
  • Trygg klasseleiar
  • Er fleksibel med god arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner

 Me kan tilby:

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Søknaden skal sendast elektronisk via Lærdal kommune sine heimesider: www.laerdal.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
2
Sted
Skulevegen 11, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
346779654
Sist endret
04. apr. 2024 05:49