Assistent ultralyd

Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Assistent ultralyd
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Radiologisk seksjon, Førde sentralsjukehus har ledig sommarvikariat som assistent ved ultralyd

  • 100% vikariat frå 08.07.2024 - 11.08.2024 

Vikariatet høver godt for deg som er nyutdanna eller under utdanning innan helse. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak å koordrinere planlagde polikliniske- og inneliggande pasientar, samt å legge til rette for radiolog ved å førebu pasientar til undersøking. Det er også behov for å assistere radiolog ved biopsiar, intervensjonar eller andre krevjande undersøkingar. 

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar for
indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk (føde og barsel), øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri.

Radiologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse
Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Nordfjord- og Lærdal sjukehus. I
tillegg har vi ei eining i Florø som utfører konvensjonelle røntgenundersøkingar.
Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg
utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og
mykje humor. Vi tilbyr undersøkingar innan ultralyd, CT, MR, konvensjonell
røntgen, mammografi (klinisk og screening), samt
gjennomlysing/intervensjon/angio.

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare
Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og
Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum
med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar,
arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege
moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og
fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn,
alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og
varierte.



Arbeidsoppgåver

  • Logistikk av inneliggande og polikliniske pasientar ved ultralyd
  • Tilrettelegging på lab
  • Steril oppdekking
  • Assistere radiolog ved traume, biopsiar og intervensjonsprosedyrer
  • Setje veneflonar ved behov dersom søkjar har kunnskap om dette

Kvalifikasjonar

  • Meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er ønskjeleg at søkjar har bakgrunn og/eller erfaring frå arbeid innan helse
  • Søkjar må vere fyllt 18 år

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjons evner
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Evne til å organisere og halde oversikt

Vi tilbyr

  • Kjekke og dyktige kollegaer
  • Tilpassa opplæring
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeid i IA-bedrift

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, 578 39 616

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4787799261

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 08.07.2024

Sluttdato: 11.08.2024

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
346672170
Sist endret
03. apr. 2024 06:23