Inaktiv

Off. godkjent helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver
Heimetenester 
Stillingstittel
Helsefagarbeidar heimebasert omsorg
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved heimebasert omsorg er det frå d.d. ledig 90 % stilling for off. godkjent helsefagarbeidar. Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar målretta med fokus på individuell pleie og omsorg med høg kvalitet og refleksjon. I heimebasert omsorg møter du mange ulike brukarar og får arbeide saman i eit godt team.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Fokus på forebygging og støtte opp under  brukar sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må vere autorisert helsefagarbeidar
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, løysingsorientert og har godt humør
  • At du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • At du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
  • Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling gjennom e-læringskurs og internundervising
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar.

Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling 
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 26
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4781544361
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 26, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
346669352
Sist endret
03. apr. 2024 06:19