Inaktiv

Vinstra vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
Frist
23.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule søkjer etter avdelingsleiar i 100% stilling der delar av stillinga er undervisning. Oppstart frå 1.august 2024 eller etter avtale

Vi søkjer deg som

  • har gode leiareigenskapar og godkjent undervisningskompetanse for å fylle 100% stilling i tillegg til administrasjon.
  •  set eleven si læring og læringsmiljø i sentrum
  • har engasjement og drivkraft til å leie musikk- og folkemusikkundervisning ved skulen, og som likar å vera ein læringsleiar
  • er endringsvillig, løysingsorientert og utviklingsorientert, og har evne til å analysere praksis i skulen
  • har eit sterkt engasjement og god evne til å leie, motivere og støtte dine medarbeidarar
  •  har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
  •  er ope og tydeleg
  •  har høg integritet, er påliteleg og ein god lagspelar
  •  etablerer god samhandling og forankring i skulesamfunnet
  •  utøver di leiarrolle i tråd med verdigrunnlaget i fylkeskommunen
  •  kan prioritere oppgåver og jobbe systematisk og systemretta
  • har god kjennskap til og innsikt i vidaregåande opplæring, og kan omsetja kunnskapen i arbeidet med administrative fellesoppgåver
  •  har god organisasjons- og rolleforståing
  •  er kvalitetsorientert og opptatt av effektiv ressursbruk og gode resultat
  •  har stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange og ulike arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • ein god arbeidsplass i fylkeskommunen
  •  godt lærings- og arbeidsmiljø
  •  eit breidt og spennande fagmiljø
  •  flotte undervisningslokale på ein moderne skule
  •  interessante arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  •  samarbeid med kollegaer i andre fagteam og avdelingar
  •  kantine med godt utval
  • engasjerte elevar på musikklinja og landslinja i folkemusikk som hevdar seg i lokalt og nasjonalt kulturliv
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 100% fast stilling ledig frå 01.08.2024 eller etter avtale

 

Arbeidsoppgåver

  •  personaloppfølging
  •  pedagogisk utviklingsarbeid
  •  ansvar for utvikling av musikkfag ved skulen
  •  dagleg drift
  •  økonomiansvar
  •  administrative fellesoppgåver
  •   undervisning i programfag på musikk eller i fellesfag

Kvalifikasjonskrav

  •  godkjent pedagogisk utdanning
  •  undervisningskompetanse i programfag på musikk og/eller fellesfag
  •  samla kompetanse som gjer det mogleg å fylle 100% stilling

Ønskte kvalifikasjoner

  •  skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning. Kan erstattast med relevant erfaring.
  •  pedagogisk utdanning
  •  personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  •  utdanning og erfaring innan musikkutdanning
  •  undervisningskompetanse i fleire musikkfag og eventuelt andre fag for vidaregåande skule
  •  gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  •  gode IKT- ferdigheiter
  • Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
346669202
Sist endret
02. apr. 2024 01:25