Inaktiv

Praktisk bistand/pleiemedarbeidar

Arbeidsgiver
Heimetenester
Stillingstittel
Heimehjelp/ praktisk bistand
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Heimetenesten i Ørsta sentrum har ledig 80 % stilling  frå d.d. Vi søkjer deg som har starta på utdanningsløp som helsefagarbeidar eller planlegg oppstart av studie. Vi ynskjer å rekruttere eigne kollegaer og håper difor at du finn denne annonsa spennande og vil søkje. Vi lyser ut stillinga med oppgåver knytt til praktisk bistand/heimehjelp og  helsehjelp. 

I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar.



Arbeidsoppgåver

  • Heimehjelp/praktisk bistand omfattar veiledning og praktisk hjelp i heimen, mellom anna reingjering, skifte sengetøy, klevask og handle daglegvare
  • Utøving av helsetenester til mottakarar av heimetenester     
  • Fokus på forebygging og støtte opp under  brukar sine eigne ressursar
  • Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Du må disponere eigen bil i tenesta

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeid
  • Det er ønskeleg at du har starta på utdanningsløp som helsefagarbeidar eller planlegg oppstart av studie
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må nytte digitale fagsystem 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap 
  • Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert både sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk som målform

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.  Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Varierte arbeidsoppgåver 

Arbeidsvilkår: Arbeid på dag veke, inkl. helg

Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6572 assistent
Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 


Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Laila Bjørkedal, Avd.leiar, 95207829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no

Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 26

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4782953772

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 25.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 26, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
346669134
Sist endret
03. apr. 2024 06:17