Er du Vossestrand sin nye pedagogiske leiar og miljørettleiar/fagarbeidar?

Arbeidsgiver
Voss herad Vossestrand barne- og ungdomsskule
Stillingstittel
Vikariat som pedagogisk leiar og miljørettleiar
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ledig stilling frå 01.05.24

Om arbeidsstaden

Vossestrand barne-og ungdomsskule er 1-10 skule som ligg 19 km frå Voss sentrum. Skulen har 150 elevar og 29 tilsette. Me har 30 elevar som nyttar tilbod i sfo. Skulen har eit flott uteområde med plass til varierte aktivitetar. Me har kunstgrasbane og ballbinge.

Arbeidsoppgåver

 Oppgåver knytt til SFO:

  • Ansvar, drift og utvikling av SFO
  • Fagleg utvikling og oppfølging av personale i det daglege
  • Innkjøp
  • Foreldresamarbeid

 Oppgåver knytt til skule:

  • Vere med på å oppretthalde og utvikle eit trygt og godt skulemiljø
  • Samarbeide med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar
  • Hjelpe til med daglege gjeremål, oppmuntre, snakke med, rettleie, støtte og motivere elevane
  • Vere fleksibel i arbeidet
  • Vere ein omsorgsfull rollemodell

 Kvalifikasjonar:

  • Fagleg kompetanse: 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning
  • For SFO stillinga kan anna kompetanse bli vurdert

 Personlege eigenskapar

  • Me søkjer ein engasjert og dyktig person
  • Me søkjer ein person med god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og erfaring frå arbeid i skule eller anna arbeid med born.

 

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5736 Granvin
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
346664215
Sist endret
03. apr. 2024 05:47