Inaktiv

Vil du jobbe som kontrollar i den mest sentrale kommunen på Sunnmøre?

Arbeidsgiver
Kommunedirektørkontor, Hareid kommune
Stillingstittel
Vil du jobbe som kontrollar i den mest sentrale kommunen på Sunnmøre?
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hareid kommune er ein mellomstor kommune på søre Sunnmøre. Vi ligg sentralt plassert i nærleiken av Ålesund, med gode kommunikasjon både
sørover og nordover langs kysten. Kommunen er knytt til to flyplassar, den
er geografisk kompakt og har enkel tilgang til buss, ferje og hurtigbåt.
Innanfor eit tidsvindauge på berre 40 minutt med bil eller båt når du
kommunesentera i Ålesund, Sula, Giske, Ulstein, Sande, Herøy, Ørsta og Volda. Kommunen har i overkant av 500 tilsette som leverer tenester til godt og vel
5300 innbyggjarar.

Vi søkjer no etter kontrollar i ei nyoppretta stilling. Stillinga er organisatorisk knytt til kommunedirektørens kontor. I hovudsak er arbeidet knytt til det å oppretthalde god
budsjettering og kostnadskontroll. Du vil rapportere direkte til
kommunedirektøren, og vere ein del av kommunedirektørens sentrale leiargruppe.



Kva skal du jobbe med?

Hovudsakleg, og ikkje avgrensa til:

  • analysearbeid på kommune-, sektor- og einingsnivå
  • økonomisk oppfølging av alle kommunale verksemder, sektorar og einingar med budsjettansvar
  • økonomisk rapportering til formannskap og kommunestyre, inkludert månads- og tertialrapportar
  • bidra i utarbeiding av årsbudsjett og budsjettrevisjonar på kommune-, sektor- og einingsnivå
  • gi støtte og rådgjeving til leiarar med budsjettansvar
  • arbeide aktivt for å vidareutvikle prosessar, rutinar og effektiv bruk av IT-baserte verktøy

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga, basert på din kompetanse og våre behov.

Kva kvalifikasjonar treng du til stillinga?

  • kjennskap til kommuneøkonomi
  • høgare relevant utdanning
  • minst fem års relevant arbeidserfaring
  • erfaring med og interesse for bruk av ERP-system
  • god framstillingsevne munnleg og skriftleg

Kva slags kollega ønskjer vi oss?

  • resultatorientert og analytisk, med sterk lyst til å skape resultat
  • initiativrik, med vilje og evne til læring
  • sjølvstendig og med god gjennomføringskraft
  • relasjonsbyggjar
  • ein god lagspelar som evnar å skape tillit

Kvifor skal du velje oss?

Du får jobbe i ei heilt ny, fagleg og personleg utfordrande stilling. Vi har ein triveleg arbeidsfellesskap som du blir ein del av, og du får gode moglegheiter for både eigenutvikling og fagleg utvikling. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid. God pensjonsordning gjennom KLP (vi trekk 2 prosent av løna).

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Løn etter nærare avtale. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngje dette I Webcruiter. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge

Kontaktinformasjon

Bent Arild Grytten, Konst. kommunedirektør, +47 91913675

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5

6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune



Referansenr.: 4792692611

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering, Ledelse
FINN-kode
346661980
Sist endret
17. apr. 2024 06:43