Skrive master i jus? Vi tilbyr deltidsjobb og skriveplass

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Konsulent
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Her får du øvd deg på å bruke jussen i praksis, i eit breitt fagmiljø – samtidig som du skriv masteroppgåva di. 

Vi tilbyr skriveplass og deltidsjobb for ein jusstudent som skriv masteroppgåve innan stiftelsesrett. Det kan og vere aktuelt om du skriv oppgåve som omfattar stiftelsar på anna vis.

Du får eigen kontorplass hos Stiftelsestilsynet i Førde og blir ein del av arbeidsmiljøet hos oss. På avdelinga vår har vi både nyutdanna og erfarne juristar, men og samfunnsvitarar og økonomar. Vi er stolte av å vere landets fremste kompetansemiljø på stiftelsar.

Kontorplassen vil vere tilgjengeleg frå midten av august og ut året. Du må jobbe to dagar i veka hos oss, men du kan naturlegvis bruke kontoret så mykje du vil. Jobben vil i hovudsak vere juridisk saksbehandling av søknader og rettleiing til stiftelsar. Du må kunne formulere deg godt skriftleg og munnleg.

Vi vil tilby oss å lese gjennom deler av oppgåva, og komme med tilbakemeldingar. Sidan vi er interesserte i det du skriv om, må du halde ein presentasjon av masteroppgåva for kollegiet her etter at den er levert.

Vi ønsker å knyte til oss studentar med særleg interesse for stiftelsar og/eller styrearbeid. Dersom du synest desse temaa er interessante, tar vi gjerne ein prat. Vi har også skissert nokre problemstillingar som kan vere aktuelle.

Når vi skal velje mellom søknadar legg vi vekt på val av problemstilling, motivasjon for valet og karakterar hittil i studiet. Du må kunne formulere deg godt skriftleg og munnleg.

Du kan også søke dersom du skal skrive 60-poengsoppgåve. Vi er i utgangspunktet på leit etter deg som skal skrive oppgåve til hausten, men du kan også ta kontakt dersom du skal skrive oppgåve våren 2025.

Frist for å søke om skriveplass for hausten 2024 er 1.april. Send inn presentasjon av problemstillinga for oppgåva, CV og karakterutskrift.

PS. I tillegg til at du får verdfull arbeidserfaring og kjekke kollegaer, kan vi freiste med at vi har lokale midt i Førde sentrum og at vi har både kantine og treningsrom på huset.

Vi håpar å høyre frå deg! 



Vite meir om stiftelsar?

Lyst å lese meir om kva stiftelsar er og gjer i det norske samfunnet? Les deg opp på våre rapportar om norske stiftelsar.

Vilde Grimseth Halbrend jobba hos oss medan ho skreiv masteroppgåve i fjor. Les meir om hennar oppleving.

Kontaktinformasjon

Siw Heggedal Longvastøl, 90074974, 900 74 974

Arbeidsstad

Storehagen 1B

6800 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet



Referansenr.: 4761196426

Stillingsprosent: 40%

Engasjement

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Jurist, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
346658209
Sist endret
02. apr. 2024 12:14