Ferievikar som trivselsmedarbeidar for deg mellom 15-17 år

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim
Stillingstittel
Ferievikar trivselsmedarbeidar Omsorg og sjukeheim
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi søkjer etter deg som er mellom 15 og 17 år og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb. Tenesteområde Omsorg og sjukeheim har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord, i tillegg til bufellesskapa ved Vartdal og Hjørundfjord. 

Å jobbe som trivselsmedarbeider kan føre til at du kan få meir jobb hjå oss etterkvart. 

Skriv litt om deg sjølv, når du kan jobbe og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.



Arbeidsoppgåver

  • Dekke bord  og førebu måltida
  • Hjelpe til å servere ved måltida - rydde opp etter måltida.
  • Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
  • Delta på ulike aktivitetar sama med bebuarar og tilsette slik at vi kan gi ein aktiv og meiningsfylt kvardag
  • Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på senger og enkle reinhaldsoppgåver

Som trivselsmedarbeidar skal du ikkje delta i oppgåver som stell, toalettbesøk og mating

Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus der det er høve til å arbeide dag/kveld og helg.

Kvalifikasjonar

Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (ein kan søkje same året som ein fyller 15 år)

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Møte presis
  • Ha gode samarbeidevner og gode haldningar
  • Vere god til å kommunisere med andre
  • Trivast saman med eldre
  • Vere engasjert , ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Ørsta kommune sine verdiar; TILLIT - ENERGI - LØYSINGSVILJE - UTVIKLING. 

Vi tilbyr

Som fereivikar hjå oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye mennesker og får med deg ei god erfaring  vidare i arbeidslivet. 

Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar Vartdal helsetun, 90035366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no

Nina Måseidvåg, Avd.leiar Hjørundfjordheimen, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no

Ingrid Mork, Avd.leiar Solkroken, 479 06 593, ingrid.mork@orsta.kommune.no

Lisa Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 48132814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4788342070

Stillingsprosent: 0%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
346651147
Sist endret
02. apr. 2024 11:31