Avdelingsleiar ved Vinje sjukeheim

Arbeidsgiver
Vinje helse og meistring Svingen og Reini Bufellesskap
Stillingstittel
Avdelingsleder
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

100% vikarstilling frå 01.05.24 - 31.12.25


Vår gode avdelingsleiar skal ut i svangerskapspermisjon frå juli. Me søkjer difor etter ein fagleg og engasjera leiar som kan vikariere i tida ho er i permisjon.


Er du ein leiar som likar å motivere og få tilsette til å meistre sitt arbeid, god til å tenkje utvikling og sjå løysingar og leie med både hovud og hjarte. Då er kanskje du akkurat den me søkjer!


Som leiar vil du vere ein av to avdelingsleiarar ved Sjukeheimen som jobbar tett saman med verksemdsleiar for Institusjonstenester.


Å vere ein del av denne leiargruppa inneber at vi hjelper, lærer og støtter kvarandre, og finn gode løysingar saman i arbeidskvardagen.


Vinje sjukeheim har 34 plassar fordela på 25 langtidsplassar og 7 korttidsplassar. I tillegg er det 2 KAD plassar i samarbeid med Tokke kommune og 3 dialyseplassar i samarbeid med STHF. Det er om lag 50 årsverk.


Det er høg kompetanse på tilsette, derav fleire spesialsjukepleiarar og ulike faggrupper med lang erfaring innan ulike fagfelt. I tillegg har me eigne kjøkenvertar knytt til sjukeheimen


Sjukeheimen jobbar kontinuerleg med endring og utviklingsarbeid, der satsingsområda er ei meir hensiktsmessig oppgåvedeling , betre arbeidsfly og innføring av årsturnus. Avdelinga er også i gang med tiltak knytt til Livsglede hjem, simulering og pårørandearbeid.


Arbeidsoppgåver


  • Drifte og leie avdelinga slik at tenestemottakar får nødvendig helse- og omsorgstenester av god kvalitet og med rett kompetanse
  • Personalleiing og oppfølging av tilsette
  • Budsjettansvar for sin avdeling
  • Skape ein attraktiv arbeidsplass for medarbeidarar
  • Turnusplanlegging og implementering av årsturnus
  • Samhandling og dialog med andre avdelingar/ verksemder og tenester

Kvalifikasjonar


  • Autorisert sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg med leiar erfaring
  • Erfaring frå endring- og omstillingsarbeid
  • Kjennskap til turnusplanlegging

Personlege eigenskapar


  • Du er engasjert og har evnen til å motivere
  • Du har evne til å lytte og søkje gode løysingar saman med andre
  • Du kan jobbe sjølvstendig og prioritere i ein hektisk kvardag
  • Du er målretta, strukturera og har god gjennomføringsevne
  • Du evner å stille krav og gje utfordringar
  • Du bidrar til arbeidsglede og eit godt arbeidsmiljø, og er ein viktig bidragsytar til at dine medarbeidarar trivast i arbeidet sitt.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Me kan tilby


  • Leiaroppfølging
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Spennande utfordringar innanfor fag og leiing
  • Fleksitidsordning
  • Løn etter avtale

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Ledelse, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
346648452
Sist endret
02. apr. 2024 11:13