Inaktiv

Tannpleiar

Arbeidsgiver
Måløy tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannpleiar
Frist
17.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste - Måløy tannklinikk har ledig ei 100% stilling som tannpleiar med startdato sommaren 2024. Til stillinga ligg der moglegheit for ambulering til Selje etter behov med gode økonomiske vilkår.

Måløy er ein kystby i Kinn kommune med rundt 3200 innbyggjarar. Frå hamna kan du ta deg ein tur rundt i gågata og ete god mat på ein av dei mange restaurantane. Du kan oppleve attraksjonar som Kannesteinen, Refviksanden, eller besøke ein av dei mange fyra rundt Vågsøy. Måløy er stoppestad for hutigbåt frå Bergen og for Hurtigruta. Det er gode turmogelegheiter i området.

Måløy tannklinikk er ein klinikk med 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Opplev Måløy

Kinn kommune



Arbeidsoppgåver

- Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
- Klinisk arbeid som omfatter alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
- Halde seg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetningane i Vestland tannhelseteneste
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar, og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må vært oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Vi søkjer deg som:

- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å vere med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

- Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom fylkeskommunen
- Ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse

Andre opplysningar

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg liste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Gate 1 59

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4784027636

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.04.2024


Sted
Gate 1 59, 6700 Måløy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
346636792
Sist endret
02. apr. 2024 01:17