Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søkjer du nye utfordringar som sjukepleiar og har lyst til å bli ein del av eit fantastisk arbeidsmiljø?

Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og mykje positiv energi pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å videreutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi DU søkjer!!

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling
  • 80 % fast stilling

Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar, med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med kirurgiske pre- og postoperative sjukepleiaroppgåver. 

Stillingane er i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.

Ledig frå snarast, evt etter avtale. Interne omrokkeringar kan også gje andre ledige stillingar.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad.



Arbeidsoppgåver

  • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane
  • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåver
  • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar
  • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunar
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har dei formelle kvalifikasjonane og er offentleg godkjend sjukepleiar 
  • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi
  • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og strukturert
  • Du har eit fagleg engasjement
  • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
  • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er positiv og har gode haldningar
  • Du er pasientorientert
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med fokus på nærvær og trivsel
  • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
  • Fagkveldar med fagutviklingsjukepleiar, kombinert med sosialt fokus
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Gunn Elin Søbstad Olsen, Seksjonsleiar, +47 70105900, Gunn.Elin.Sobstad.Olsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4787944397

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast

Søknadsfrist: 16.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
346620005
Sist endret
02. apr. 2024 12:27