Hjelpepleiar/Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Hjelpepleiar/Helsefagarbeidar
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ved medisinsk sengepost 5 ved Ålesund sjukehus, ledig 75% fast stilling som hjelpepleiar/helsefagarbeidar.

Stillinga inneber 2 -delt turnus og arbeid kvar tredje helg. Tiltredelse etter avtale.

Medisin 5 er ein akuttmedisinsk sengepost som per i dag består av 22 sengeplassar, fordelt mellom seksjon for slag, geriatri og ortogeriatri. I tillegg har vi pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.

Vi søkjer etter deg som liker utfordringar, har høg arbeidsmoral og gode samarbeidsevner. I tillegg må du ha fokus på å yte god helsehjelp til kvar enkelt pasient! Vi kan tilby bratt læringskurve, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse hos dei ansatte.

Håper å høyre frå deg!

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til CV. Vi ynskjer at ein oppgir minimum to referansar!

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie, observasjonar og aktivisering av innlagte pasientar
  • Pre- og postoperativ oppfølging
  • Oppgåvegliding frå sjukepleiar til helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Forefallande arbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik
  • Pasientorientert
  • Praktisk og fleksibel
  • Evne til å samarbeide
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Kunne medverke til det gode arbeidsmiljøet

Å vere personleg eigna for stillinga blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass med fokus på arbeid innan nærvær og trivsel
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd (IA-bedrift)
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår her.

Kontaktinformasjon

Gunn Elin Søbstad Olsen, Seksjonsleiar, +47 70105900, Gunn.Elin.Sobstad.Olsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4788126843
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
346617537
Sist endret
02. apr. 2024 12:15