Inaktiv

Etterforskar politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver
Avsnitt for etterforsking av SO og grov vald, FEFE, Møre og Romsdal politidistri
Stillingstittel
Etterforskar politibetjent 3/2/1
Frist
09.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei fast stilling som etterforskar i Kristiansund. Vi har også ledig vikariat i Molde til og med 30. september 2024, i Ulsteinvik til og med 31. august 2024 og i Ålesund til og med 31. desember 2024, med moglegheit til forlenging. Har du erfaring frå etterforsking og ønsker å bli ein del av vårt dedikerte team, vil vi gjerne høyre frå deg! 

Stillingane som etterforskar skal bidra til å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskningsarbeidet innan SO og grov vald og bidra til at Møre og Romsdal politidistrikt handterer sakene med den kvalitet og effektivitet som dette fagfeltet krev.

Arbeidet er prega av høgt tempo, og du må derfor ha god arbeidskapasitet. Du må og kunne vere fleksibel og like å finne løysingar då det ofte oppstår akutte saker som krev umiddelbar respons frå avsnittet. Arbeidsoppgåvene er givande og krevjande som følgje av at ein ofte jobbar med mennesker i krise, og ein må levere arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. Du blir eksponert for mange sterke inntrykk gjennom handtering av ulike typar overgrepsmateriale. Vi har derfor eit særlig fokus på HMS, og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø.

Vi har eit nært samarbeid med Statens Barnehus i Ålesund. Vi arbeider også tett med avsnitt for kriminalteknikk og avsnitt for digitalt politiarbeid. Vi har per i dag eit sterkt fagmiljø med ei fin blanding av erfarne medarbeidarar og unge etterforskarar med stor interesse for fagfeltet. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit mål at dette skal videreførast og prege avsnittet. 

Stillingane er for tida organisert ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), ved seksjon for etterforsking, ved avsnitt for SO og grov vald Nordmøre og Romsdal samt ved avsnitt for SO og grov vald Sunnmøre. Oppmøtestad er ved politihuset i Kristiansund, Molde, Ulsteinvik eller Ålesund. Det kan bli ledig fleire stillingar. Du må rekne med å reise noko i stillinga.

Vi ser fram til å høyre frå deg og ber deg oppgi i søknaden kva for oppmøtestad(ar) du søkjer på.



Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking av straffesaker som høyrer inn under FEFE/seksjon for etterforsking/avsnitt for SO og grov vald, og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane
  • Sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
  • Utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, herunder identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak
  • Gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
  • Utføre taktisk gjennomgang av digitale beslag
  • Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre einingar
  • Bidra til at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeidarskap
  • Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule
  • Erfaring frå etterforsking utover PHS
  • Munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • Generelt gode IKT-kunnskapar og må kunne bruke relevant saksbehandlingssystem og prosjektstyringsverktøy
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Vidareutdanning innan etterforsking. Særleg vidareutdanning innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
  • Erfaring frå etterforsking av seksuallovbrot og alvorlege valdssaker er ein fordel
  • Erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale beslag er ein fordel
  • Kurs i datasystem brukt til gjennomgang av beslag
  • Anna relevant utdanning/erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
  • Du er strukturert og systematisk i arbeidet ditt
  • Høg arbeidskapasitet/gjennomføringsevne
  • Du har gode kommunikasjonsevner og flink på relasjonsbygging
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og meiningsfull stilling som for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • Fast stilling eller vikariat som etterforskar i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457 eller 1462/1460/1458).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 (ltr. 59) - 635 400 (ltr. 65)
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 (ltr. 51) - kr. 565 900 (ltr. 58)
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 (ltr. 48) - kr. 532 200 kr (ltr. 54)
  • Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Ida Rindahl Hamnes, Avsnittsleiar avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Nordmøre og Romsdal, 71589464

Sunniva Dybvik, Avsnittsleiar avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Sunnmøre

Arbeidssted

Storgata 43

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4787254729

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling, Vikar

Søknadsfrist: 09.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
FINN-kode
345799469
Sist endret
02. apr. 2024 06:42