Seksjonsleiar dagkirurgi/ Elektiv post

Arbeidsgiver
Avdeling ortopedi SNR Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar dagkirurgi/Elektiv post
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget? Vi søkjer leiar til seksjon for dagkirurgi og Elektiv sengepost ved Kristiansund sjukehus.

Vi søkjer etter ein nytenkande og løysningsorientert leiar, og som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du er engasjert, opptatt av leiarskap, tar ansvar og samarbeider godt både internt og eksternt. Du har eit ønskje om å kunne bidra til utvikling av pasienten si helseteneste. Du vil få gleda av å leie engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente medarbeidarar. Vi arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø.

 Du vil vere ein viktig pådrivar for at vi skal lykkast med å imøtekome fremtidas krav til dagkirurgi og elektiv drift. Seksjonen er ein del av det framtidige SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Det vil fortsatt vere høg aktivitet ved dagkirurgi/ elektiv verksemd i Kristiansund når nytt akuttsjukehus står ferdig i 2025. 

Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at avdelinga sine ressurser blir forvalta til det beste for pasientane våre, saman med mange dyktige kollegaer. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef i avdeling for ortopedi Kristiansund.

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her



Arbeidsoppgåver

  • Fag, personal- og resultatansvar 
  • Ansvar for kompetansekartlegging og rett fagleg utvikling av dei tilsette 
  • Ansvar for god ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
  • Utvikle mål og handlingsplaner innanfor gjeldande rammer og strategier
  • Aktiv deltakelse i leiargruppa i avdelinga 
  • Aktiv deltakelse i utvikling av pasientforløpet

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarutdanning og/ eller -erfaring er ein fordel 
  • Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
  • Gode datakunnskapar
  • Må meistre norsk språk godt både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er en utviklingsorientert leiar med gode kommunikasjonsevner
  • Du er nytenkjande, framtidsretta og løysningsorientert
  • Du er engasjert og trivast med å gjere andre gode
  • Du er analytisk og strategisk
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du er opptatt av involvering og får folk med deg
  • Du kan samarbeide med alle yrkesgrupper
  • Du er ein kulturbyggjar som er opptatt av å få til ein felles kultur 

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kirsti Sevaldsen, +4771120000, kirsti.sevaldsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4778736937

Stillingsprosent: 100%

Fast


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
345779188
Sist endret
02. apr. 2024 06:38