Lege i spesialisering - seksjon for medisinske leger i Kristiansund

Arbeidsgiver
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering - seksjon for medisinske leger i Kristiansund
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du ei spesialisering innan indremedisinske fag? Bli med på laget vårt!
Helse Møre og Romsdal, Kristiansund sjukehus ved seksjon for
medisinske legar har ledig faste stillingar for lege i spesialisering
innan indremedisin. Er du lege som også er klar for å gå inn i en
utdanningsstilling som LIS2/3, ta gjerne kontakt med oss. Ved seksjon for medisinske legar i klinikk SNR
- Kristiansund sjukehus, vil du få ei unik breddekompetanse i generell
indremedisin og vidare plan til ein spesifikk subspesialitet etter ynskje og
behov  innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske
spesialitetane. Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan
gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi,
infeksjon og akutt- og mottaksmedisin. Avdelinga har også LIS1-legar og
studentar frå NTNU.

Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit
aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering
(LIS).  Avdelinga har også ansvaret for overvakingssenger på felles
intensivavdeling, samt vurdering av pasientar i akuttmottak. Avdelingea
har veldifferensierte poliklinikkar og dagbehandling med høgt fagleg nivå, til
dømes dialysebehandling, poliklinikk for kreft- og palliasjon, medisinsk
poliklinikk og hudpoliklinikk.  Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både
innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å
delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3
legar deler sekundærvakta. 

Vi satsar på høy fagleg kvalitet,
utdanning, prosedyreopplæring, aukande forskingsaktivitet og Vi har
hyppige internundervisningar med høg kvalitet. og eit godt medisinsk akutt
team leidde av enten akutt- og mottaksmedisiner eller LIS2/3 i vakt. Vi har
tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrar, som leiing av
medisinsk team (MET-team), bruk av ultralyd i vakt og liknande.

Kristiansund sjukehus er ett av to senter for tarmscreening i Helse Møre og Romsdal. 
Avdelingen planlegger for at en lege i spesialisering med interesse for
gastroenterologi tilknyttes senteret, med mål om god og tilpasset opplæring i
endoskopi. Vi ber derfor om at eventuell interesse for gastroenterologi oppgis
i søknaden.

Vi er heldige og flytter inn i nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR Hjelset) i 2025.  Det
nye sjukehuset ligg på Hjelset, ca 40 minutt frå Kristiansund sentrum. I
tillegg til det nye akuttjukehuset skal det i SNR
Kristiansund vidare vere eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med ca 80 % av
dagens polikliniske aktivitet, tarmscreeningsenter, dagbehandling og dagkirurgi
innan dei fleste fagområda.



Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanning eller turnustjeneste etter gammel ordning
  • Mestre norsk språk - skriftlig og muntlig tilfredsstillende
  • Erfaring innen indremedisin eller anna relevant spesialitet fra før er en fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du jobber godt alene og i team
  • Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerlig med faglig utvikling
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltar aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for et godt arbeidsmiljø
  • Du er sulten på ny kunnskap og erfaring
  • Personleg eigenskapar blir vektlagt ved ansettelse

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Inger Stokke, Seksjonsleiar, +47 71120000

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4789990501

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Lege, Helsepersonell, Lege / LIS
FINN-kode
345777434
Sist endret
02. apr. 2024 06:38