Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon
Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og
poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar,
1 psykolog, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk
sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og
treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin
spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder.  Familieambulatoriet har òg tilbod om brukarstyrt
seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar. 

Vi verdset eit arbeidsmiljø
prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg
utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og
kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna
beståande av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I
tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av
klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.

Vi søker no sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan rus/psykisk helse til Kvinneposten, turnusarbeid dag/kveld og kvar tredje helg.



Arbeidsoppgåver

  • Rusbehandling
  • Medisinering
  • Abstinensbehandling
  • Motivasjonsarbeid for å skape endring
  • Høg grad av tverretatleghet og teamarbeid
  • Tverretatleg samarbeid for å betre pasientens livssituasjon
  • Co-terapeut i gruppebehandling

Kartlegging og tiltak:

  • Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
  • Kartlegging av rusmiddelbruk
  • Kartlegging av somatisk og psykisk helse
  • Vurdering av andre tilbod og behandling
  • Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan rus og psykisk helse
  • Forarkort klasse B
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Du må ha:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • evne til å sjå pasientane sine behov
  • positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
  • respekt for kvar enkelt pasient
  • erfaring med pasientgruppen er ønskeleg

Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Emma-Louice Jansdotter Håvåg, Leiar, 90713289

Trude Larsen, Leiar, 98800425

Arbeidsstad

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4788380866

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
345731766
Sist endret
02. apr. 2024 06:31