Inaktiv

Vil du bli lærling i tradisjonshandverk?

Arbeidsgiver
Ryfylkemuseet
Stillingstittel
Lærling tømrerfag
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Ryfylkemuseet er eit aktivt regionmuseum i utvikling, og søkjer nå etter ein lærling som likar å jobbe med varierte oppgåver innan tradisjonshandverk. Me lyser ut ei stilling som lærling i tømrarfaget frå hausten 2024.




Hva vi ser etter
  • Fullført vg1 bygg- og anleggsteknikk og vg2 tømrarfag.
  • Relevant erfaring er ein fordel.
  • Det er ein fordel om du har førarkort klasse B.
  • Du må kunne utrykke deg godt munnleg og skriftleg på norsk.

For oss er det viktigaste at me får inn ein person som er interessert i tradisjonelt bygghandverk, har lyst til å lære, er innstilt på ein fysisk krevjande jobb og syns det er spennande å lære korleis teori og praksis heng saman. Me leiter etter deg som verkeleg likar å jobbe med tre som materiale og på tradisjonelle måtar. Du bør vere lærevillig og fleksibel, og trivast med å jobbe med mange ulike oppgåver.


For oss er det svært viktig at du passar inn i teamet og kan stå for verdiane til museet. Personleg dugleik vil difor vere ein viktig faktor for oss.


Vanleg arbeidstid er måndag -- fredag 7:30 -- 15:00. Noko reiseverksemd må påreknast.


Dersom dette høyrest spennande ut, håpar me du tar kontakt!




Arbeidsoppgaver

Ryfylkemuseet er eit aktivt regionmuseum i utvikling, og søkjer nå etter ein lærling som likar å jobbe med varierte oppgåver innan tradisjonshandverk. Me lyser ut ei stilling som lærling i tømrarfaget frå hausten 2024. Stillinga er plassert i avdeling for bygningsvern som utfører tradisjonshandverk innan tømring og snekring, og tilbyr eksterne tenester innan bygningsvern. Avdelingsleiar er næraste overordna og driftsleiar vil ha det fagleg ansvaret for oppfølginga av lærlingen.


Ryfylkemuseet er ein lærearena som satsar på tradisjonshandverk. Museet forvaltar ei samling på over 80 bygg fordelt på 15 anlegg i Ryfylkekommunane, og arbeid med dagleg vedlikehald og interne restaureringsprosjekt står sentralt. Ryfylke bygningsvernsenter er ei ny avdeling i museet, og me jobbar med rådgjeving og har eksterne prosjekt for eigarar av verna og freda bygg. Lærlingen vil vere ein viktig person i dette arbeidet.


Personen i stillinga skal delta i vedlikehald og restaurering av eigne bygningar, verkstadarbeid, restaureringsoppdrag, produksjon av bygningsdelar på tradisjonell måte, mm.




Vi tilbyr

2-årig stilling som lærling på Sand (i Suldal kommune).


  • Interessante arbeidsoppgåver i eit innovativt miljø med gode og kompetente kollegaer.
  • Løn i medhald med tariffavtalen <>. Startlønn for nyutdanna fagarbeidar er kr 418 500 i brutto årslønn. Ved høgare kompetanse kan høgare lønn vurderast. Som lærling får du ein prosentdel av denne årslønna som vil auke over tid.
  • Me har 5 veker ferie.

Mangfald er viktig for oss. Om du er kvalifisert for stillinga, er du velkommen som søkjar uansett kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.


Spørsmål om stillinga kan du retta til avdelingsleiar Lise Johnsen, lise.johnsen@ryfylkemuseet.no, eller til driftsleiar Sven Hoftun, 959 09 447.


Søknadsfrist: 8. april 2024


Søknad med CV og kopi av relevante vitnemål og attestar sender du til post@ryfylkemuseet.no eller til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand. Referansar vil me be om i eit eventuelt intervju.


All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Me vil utarbeide ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må opplyse om dette særskilt i søknaden. Etter offentleglova kan opplysningar om søkjaren gjerast offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre leddet. I så fall vil me ta kontakt og gjere det mogleg å trekkje søknaden.


Museet kan be om politiattest før tiltreding av stillinga.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordenden 14, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Håndverker / Snekker/Tømrer, Håndverker
FINN-kode
345714023
Sist endret
26. mars 2024 01:21