Sterilforsyningsteknikar

Arbeidsgiver
AAM FSS sterilsentral, Helse Førde
Stillingstittel
Sterilforsyningsteknikar
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledige 2 x 100% stillingar som sterilforsyningsteknikar. Oppstart etter avtale.  

Sterilsentralen og operasjonsavdelinga er organisert i avdeling AOIDS; anestesi, operasjon, intensiv, dagkirurgi og sterilsentral. Leiar ved sterilsentralen er næraste overordna.

Sterilsentralen er ei serviceavdeling som utfører vedlikehald og klargjering av instrument og utstyr og steriliserar gods til alle avdelingar ved Førde sentralsjukehus.  Sterilsentralen har eit spesielt tett samarbeid med operasjonsavdelinga. 

Avdelinga AOIDS er i stadig utvikling og behovet for tenester endrar seg, noko som kan medføre endring i organisering og arbeidsoppgåver. Arbeidstakar må rekne med også å arbeide i operasjonsavdelinga med reinhald av instrument. Ny operasjonsavdeling og sterilsentral opnar til høsten 2024, og då blir reinhald av instrument flytta til sterilsentralen. Fremtidig arbeidsoppgåve kan også omfatte skopvask ved spesialpoliklinikk.

Åpningstid på sterilsentral er kl. 08:00-18:00 kvardagar, dagvakt fra kl. 08:00-15:30, seinvakt kl. 10:30-18:00 / kl. 13:30-21:00 (på operasjon). Noko redusert opningstid til dømes i sommarperioden. Åpningstidene blir endret til kl. 08:00-21:00 ved flytting inn til Liva bygget, og seinvakten kl. 10:30-18:00 fell ut.



Arbeidsoppgåver

  • Utføre vasking, vedlikehald, kontroll, pakking og sterilisering av fleirgongsinstrument og utstyr
  • Bruk av ulike vaske- og steriliseringsmetodar tilpassa forskjellige typar instrument
  • Dokumentasjon av arbeidsprosessar og logistikkarbeid, samt kommunikasjon med alle avdelingar
  • Distribusjon av sterilt eingangs- og fleirgangsutstyr skjer frå sterilsentralen sitt lager

Kvalifikasjonar

  • Vidareutdanning i Spesialreinhald og sterilforsyning i helsetenesta er ønskjeleg
  • Helsefagleg bakgrunn til dømes VKI/ helsefagarbeidar/hjelpepleier/fagbrev
  • Praksis frå steriliseringsarbeid
  • Kunnskap om smittevern
  • IKT basiskunnskap
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig og ansvarsbevisst person
  • God orden og høg hygienisk standard
  • God samarbeidsevne og kommunikasjon
  • Evne til omstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Trivast med høgt arbeidstempo

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilrettelagt arbeid for å kunne ta fagutdanning i Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta
  • Triveleg arbeidsplass og godt arbeidsmiljø
  • God opplæring i seksjonen
  • Vere med på laget for å trygge ein god pasientbehandling  


Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sigrun Hoff, Seksjonsleiar, +47 918 27 173

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4758466271

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Annet
FINN-kode
345694752
Sist endret
02. apr. 2024 05:59