Førde bu- og miljøteneste, eining 3 har ledig stilling for mijøterapeut

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3
Stillingstittel
Miljøterapeut i langvaktsturnus
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eininga består av tre avdelingar og yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming  som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi søker deg som har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus! Ein del av stillinga inneberer at du arbeider aleine med ein brukar, det er difor viktig at du er sjølvstendig som person og trivast å jobbe aleine.

På grunn av nye utfordringar har vi ledig 2 x 100 % stillingar. 

Det er langvaktar i turnus med arbeid 3, eller 4. kvar helg. 
Gurnna særskilte behov, er det eit ønske at du er ein kvinneleg søkar. 

Arbeidsoppgåver: 
  • sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
  • kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
  • ansvar for legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak  blir følgde
  • ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar og studentar
  • sikre journalføring i fagprogrammet cosdoc
  • fokus på aktivitetar, ernæring og å auke livskvaliteten til brukarane
Kvalifikasjonar:
  • autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • ønskeleg med miljøterapeutisk erfaring innan målgruppa
  • stødig på å handtere utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
  • førarkort klasse B
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
Personlege eigenskapar:

Vi søker deg som:

  • bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • er ansvarsbevisst, tolmodig og kan ta sjølvstendige avgjerder
  • er fleksibel og endringsvilleg, og har evne til å sette grenser
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • påliteleg, punktleg og løysingsfokusert
  • likar ulike aktivitetar og har ei god fysisk helse
  • har gode personlege eigenskapar. Desse vektast høgt.
  • har erfaring med miljøterapeutisk arbeid til målgruppa
  • har kapasitet til å arbeide langvakter
Vi tilbyr:
  • god opplæring
  • høgt fagleg nivå med varierande utfordringar, med rettleiing frå spesialisthelsetenesta ved behov
  • ein god arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb.
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-avtale

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Steinavegen 40, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
345687163
Sist endret
27. mars 2024 12:05