Sjukepleiar/helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/Helsefagarbeidar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du å bidra med fagleg kompetanse og engasjement for pasienten og tenesta? Då er du den vi leitar etter!

Helse og velferd lyser ut fast stilling i 100%. Stillinga vil vere knytt til Hyen heimeteneste og vi ønskjer ein sjukepleiar, evt. helsefagarbeidar.

Hyen er ei bygd i Gloppen kommune med vill og vakker natur kring Hyefjorden. Her er det spennande bedrifter som blant anna satsar og utviklar seg innan fiskeoppdrett og båtproduksjon. Det byggast ny skule som står klar hausten 2025.

Hyen er eit av tre område i Gloppen heimeteneste. Vi har ei god samasetning av uike faggrupper som yter gode tenester til pasientane våre. Avdelinga driftar i tillegg Løkjatunet med åtte omsorgsbustader.

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ein variert arbeidskvardag og eit inkluderande team.

Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.



Arbeidsoppgåver

  • Stell og pleie, administrering av medisinar, sårstell, tilrettelegging og rettleiing.
  • Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
  • Tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar
  • Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
  • Ønskjer deg som er oppteken av fagutvikling og ser moglegheitar.
  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis.
  • Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Oddrun Ommedal, Avdelingsleiar Hyen heimeteneste, 957 78 772

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4787788869

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
345683300
Sist endret
23. apr. 2024 12:56