Inaktiv

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Vanylven kommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
15.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vanylven kommune er på jakt etter ein rådgjevar i 100 %, som skal bistå kommunedirektøren med utarbeiding og oppfølging av politiske saker.

Kommunestyret har vedteke prioriteringar med eit høgt aktivitetsnivå dei neste åra, og med bakgrunn i dette er det behov for å styrke kommunedirektøren sitt kontor. 

Dersom du er rette kandidat for oss, kan vi tilby ein framoverlent arbeidsplass med kjekke kollega og godt arbeidsmiljø. Du vil sitte tett på kommuneleiinga og kunne vere med der beslutningane blir tatt. 



Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandle og følgje opp politiske saker
  • Plan- og plankoordineringarbeid
  • Bidra til kvalitetsutvikling av tenestene
  • Koordinering av eksterne ressursar
  • Andre arbeidsoppåver kan verte tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule/universitetsutdanning på bachelornivå innanfor planlegging.
  • Erfaring fra offentleg verksemd
  • Kjennskap til kommunen sitt sak- og arkivsystem, Acos
  • Kjennskap til kommunen sitt ERP-system, Visma Enterprise
  • God systemforståelse og kunnskap om relevant lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne, samt evne til å jobbe strukturert, systematisk, analytisk og målretta
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å lytte og skape gode tillitsforhold
  • Evne og vilje til å gjere store og små arbeidsoppgåver

    Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Personleg utvikling og fagleg rettleiing 
  • Nedbetaling av studielån
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollega
  • Tilsetjing på kommunale vilkår
  • Kommunen har svært god pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, 92847803, andreas.norve@vanylven.kommune.no

Marte Saure, stabsleiar, 90027913, marte.saure@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune



Referansenr.: 4789261320

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
FINN-kode
345679727
Sist endret
27. mars 2024 10:49