Sosionom til Kompleks Rehabilitering Sandviken

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Kompleks rehabilitering Sandviken-KRS, Helse Bergen
Stillingstittel
Sosionom, Kompleks Rehabilitering Sandviken- 100% vikariat i 1 år
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Seksjon Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS), har ledig vikariat i 100% stilling for sosionom. Vikariatet er i 1 år med mogleg forlenging og fast stilling. 

Psykiatrisk klinikk oppretta i 2018 ein ny seksjon i Avdeling spesialisert psykosebehandling for
rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar –
seksjon Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS).

Den nye seksjonen har 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den
eine gruppa gir tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og
psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring, den andre gruppa
psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen driv rehabilitering
til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med
innsøkjande instansar og dei kommunale tenestene.

Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar,
hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Sosionomen tar del i det tverrfaglege behandlingsteamet og skal medverke med
sosialfagleg kompetanse i utforminga av det heilskaplege behandlingstilbodet
for den enkelte pasient og i møte med deira pårørande.



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, vurdering og oppbygging av tiltak for å styrkje og utnytte den enkelte pasient sine ressursar
  • Hovudarbeidsfelt er direkte pasientsamarbeid, herunder rådgiving og hjelp i forhold til økonomi og bustad, samt arbeid med pårørande, konsulentfunksjon innan eige team og koordinator/konsulentfunksjon mot andre samarbeidspartnarar  

Kvalifikasjonar

  • Gode kunnskapar om velferds- og hjelpesystem
  • Erfaring frå samarbeid med eksterne instansar
  • Ønskeleg med brei erfaring får det sosialfaglege feltet
  • Sosionom eller sosionom med vidareutdanning innan psykisk helse og rus

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst/sjølvstendig
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Engasjert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Må vere personleg eigna til arbeidet               

Vi tilbyr

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)    

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.no

Silje Madeleine Mihle Hop, Assisterande seksjonsleiar, 55958878, bjsilj@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hatleveien 7D

5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4790263841

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 16.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom, Helsepersonell
FINN-kode
345679281
Sist endret
27. mars 2024 10:49