Fastlege

Arbeidsgiver
Fjord kommune
Stillingstittel
Fastlege Fjord kommune
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ein av legane våre skal ut i barselpermisjon og vi har med det behov for ein vikar. Ønske om at den vi tilsett kan starte i stillinga 17. juni 2024 (overlapping) og varar til mars 2025. Det kan vere aktuelt å forlenge vikariatet 3 - 6 mnd. Minimum 80 % stilling.

Vi har eit sterkt team innan helse, som er sett saman av kommuneoverlege, fire fast tilsette fastlegar i 80% og ein til to LIS1. Avdelinga har i tillegg helsesekretærar, helsesjukepleiarar, psykolog, psykiatrisk sjukepleiarar, psykisk helsearbeidar, jordmor, fysioterapeutar og ergoterapeut. Vi har legekontor både i Stordal og Valldal. Arbeidsstad kan avtalast nærmere med aktuell kandidat.

Legevakter etter gjeldene avtaler med Ålesund; lav vaktbelastning

Vi har moderne lokale, brukar CGM journalsystem og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund. Det er veldig godt samhold i kollegialet der alle er interessert i friluftsliv. Kommunen er eit eldorado for jakt, fiske, toppturar og friluftsliv generelt. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.



Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtaleverk. 

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege
  • Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova
  • Personleg eigenskap blir vektlagt for samarbeid i etablerte team
  • Den tilsette må beherske norsk særs godt munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pensjonsordning i KLP
  • Fastlønn etter avtale
  • Hjelpe til med å finne husrom og eventuelt arbeid for partner

Kontaktinformasjon

Rønnaug Hove, Leiar Fjord helse, +47 41867937

Arbeidsstad

Olavsgata 10

6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune



Referansenr.: 4790247483

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 03.06.2024

Sluttdato: 31.03.2025

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
345598377
Sist endret
27. mars 2024 09:24