Inaktiv

Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, vernepleiar og helsefaglege studentar m.m. 

Arbeidsgiver
Ferievikarar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, vernepleiar, helsefaglege studentar m.m.
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Avdeling for TSB Ålesund har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2024. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og studentar innan sjukepleie, helsefag og sosialt arbeid. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter.

Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34:

  • Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund
  • Avrusing rusbehanding TSB Ålesund


Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. 



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver – medikamenthandtering, dersom ein har utdanning som gir høve til det
  • Miljøterapeutiske aktivitetar

Kvalifikasjonar

  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Fullstendig førarkort klasse B med manuell gir

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal

Kontaktinformasjon

Linn Therese Reiakvam, Seksjonsleiar, Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no

Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vestmoa 27

6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4732634630

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
17
Sted
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
345593120
Sist endret
25. mars 2024 12:53