Helsesekretær sommervikar!

Arbeidsgiver
Merkantil Hjerte- og lungeavdeling Haugesund Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sommervikar som helsesekretær
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Hjerte- og lungepoliklinikken består av to poliklinikkar som deler merkantilt personale. Dei merkantile medarbeidarane er plasserte ved ulike arbeidsstasjonar og skifter stasjon i samsvar med fastlagde planar. Hjerte- og lungepoliklinikken er kjenneteikna ved høg aktivitet, inkludert polikliniske timar, hastepoliklinikk og utgreiingspoliklinikk. På desse poliklinikkane arbeider det merkantilt personale i tverrfaglege team saman med lege, sjukepleiar og helsefagarbeidar. Vidare er det eit nært samarbeid mellom poliklinikkane, Hjertepost, Lungepost og Medisinsk intervensjons- og behandlingsavdeling (MIO).

Ynskjer du å vere med i teamet vårt denne sommaren? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Innkalling/timeoppsett til polikliniske konsultasjonar og elektive innleggingar på post.
  • Assistere og vere ein støttefunksjon for behandlarar og postar.
  • Svare på førespurnader frå pasientar, pårørande og behandlarar, både i skranken og på telefon.
  • Registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
  • Rapportering og kvalitetsikring av pasientdata.
  • Forefallende administrasjonsoppgåver.
  • Arbeidsoppgåvene er fordelte på ulike arbeidstasjoner og merkantile rullerer mellom stasjonar etter oppsette planar.
  • Merkantile kan bli tildelt spesialoppgaver etter behov.

    Kvalifikasjonar

    • Autorisert helsesekretær, men søkarar med anna utdanning/erfaring frå liknande arbeid kan vera aktuelle. 
    • Erfaring frå elektronisk pasientjournal DIPS og/eller DIPS Arena er ønskeleg.
    • Erfaring med timebestilling/booking.
    • Meistrar norsk skriftleg og munnleg.
    • Det blir i tillegg sett krav til gode datakunnskapar, løsningorientert og evne til å jobba systematisk med fokus på presisjon og kvalitetssikring.
    • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

    Hos oss er det viktig at du

    • Er nøyaktig, ansvarbevist og sjølvstendig. 
    • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
    • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Har interesse for fagfeltet, tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel.
    • Held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
    • Trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
    • Er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp.

    Vi tilbyr

    • Høgt fagleg nivå.
    • Oppfølging og opplæring.
    • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
    • Ein spanande, meningsfull og utfordrande jobb.
    • Fagleg utvikling gjennom fagdager
    • Lønn i samsvar med gjeldsande overeinskomst
    • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
    • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
    • Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.

    Mangfaldserklæring
    Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Trude Fjeld, Funksjonsleder, 41863982, trude.fjeld@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



    Referansenr.: 4790085898

    Stillingsprosent: 100%

    Vikariat

    Startdato: 17.06.2024

    Sluttdato: 18.08.2024

    Søknadsfrist: 07.04.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Sykepleier
    FINN-kode
    345588482
    Sist endret
    27. mars 2024 07:32