Programrådgjevar- 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Programrådgjevar- 100% fast stilling
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øystre Slidre kommune ved flyktningtenesta har ansvar for busetting, kvalifisering og integrering av alle nykomne flyktningar i kommunen. Ei av våre viktigaste oppgåver er å koordinere mellom dei forskjellige kommunale tenestane.  

Øystre Slidre kommune har i løpet av det siste året teke imot eit stort antal flyktningar, i hovudsak frå Ukraina. Vi har no ledig ei  100 % fast stilling som programrådgjevar. 

Som programrådgjevar skal du jobbe for at flyktningar som er busette i kommunen kjem i jobb og blir sjølvforsørga. Vi ser etter ein person som er god på rettleiing og relasjonsbygging, ser ressursar hjå folk, og som evnar å skape moglegheiter for arbeidsinkludering gjennom oppsøkande verksemd og samarbeid med arbeidsgjevarar.  




Arbeidsoppgåver

 
  • Rettleie deltakarar i introduksjonsprogrammet ut i jobb 
  • Kartleggje den enkelte deltakar si kompetanse og erfaring, og i samarbeid med deltakaren leggje ein plan for å nå målet deira for introduksjonsprogrammet 
  • Koordinere innhaldet i introduksjonsprogrammet til den enkelte deltakar, mellom anna ved å samarbeide med NAV, karrieresenteret og arbeidsgivarar 
  • Ta kontakt med arbeidsgivarar som er aktuelle for jobb eller praksis for deltakarar i introduksjonsprogrammet, «selje inn» deltakars kompetanse, og halde tett dialog gjennom alle praksisløp 
  • Halde kurs i til dømes jobbsøking og karrierelæring, avhengig av kompetansen til den som blir tilsett 
  • Saksbehandling etter integreringslova 

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning, til dømes i sosialfag, samfunnsfag, karriererettleiing. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring med rettleiing av menneske i krevjande livssituasjonar, gjerne mot arbeid 
  • God kjennskap til arbeidsliv og arbeidsmarknad, gjerne lokalt 
  • Fleirkulturell kompetanse/erfaring med målgruppa 
  • Ynskjeleg med erfaring med saksbehandling, gjerne etter integreringslova 
  • Ynskjeleg med kjennskap til utdanningssystemet, samt kompetansekrav i arbeidslivet 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2 
  • Gode digitale ferdigheiter 
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Har fokus på moglegheiter, og tru på at flyktningar har mykje å bidra med i arbeidslivet 
  • Er proaktiv og løysingsorientert 
  • Har gode kommunikasjons-, formidlings-, og samarbeidsevner 
  • Er god til å bygge relasjonar og til å motivere  
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert 
  • Trivast med høgt arbeidstempo i periodar, og er flink til å prioritere 

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Varierte og givande arbeidsoppgåver
  • Hyggeleg arbeidsmiljø og støttande kolleger

Kontaktinformasjon

Nina Dalsegg, Avdelingsleiar flyktningtenesta, +47 90114575

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4788567770

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
FINN-kode
345585116
Sist endret
27. mars 2024 07:30