Project & Engineering Manager

Arbeidsgiver
Ulstein Power & Control AS
Stillingstittel
Project & Engineering Manager
Frist
30.05.2024

Beskrivelse

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Project & Engineering Manager får du ansvar for eit fagleg sterkt team som er sentrale i utviklinga av berekraftige kraft- og automasjonssystem til nybygg og retrofit. Som ein del av et innovativt konsern som designar skip frå grunnen av, vil du bli utfordra på å finne løysningar for framtidas skip. Du blir ein viktig aktør i arbeidet med å gjere tenester og system verkelege gjennom å realisere dette i leveransar til prosjekt.

Vi ser etter kandidatar som ønskjer å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».


Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.



Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Project & Engineering Manager vil du få eit overordna ansvar for å gjennomføre leveransane og prosjekta våre. Du vil ha stor innverknad på prosjekta og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet.

Andre relevante arbeidsoppgåver er å;
- leie møter med ulike interessentar og koordinere prosjekt
- bidra til gode prosesser knyttet til PLM
- vere ansvarleg for engineeringsprosessane i selskapet
- bidra til kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som har høgare relevant utdanning og erfaring med prosjektleiing. Du set retninga og får folk med deg, samtidig som du deler av erfaringa og kunnskapen din, òg er nysgjerrig på andres. Du blir motivert av å vere med på å skape og er oppteken av kvalitet og god service.

Vidare ser vi for oss at du har
- teknisk kunnskap innan marine kraftsystem og automatisering
- kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri
- kjennskap til PLM prosessar
- erfaring med, eller ønske om å arbeide med DC- og/ eller MV-system

Vi tilbyr

    - Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
    - Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
    - Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjons- og forsikringsordningar.

    Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

    Kontaktinformasjon

    Jan Tore Hamnøy,, Rekrutteringspartner HAMNØY AS, +47 411 02 200

    Marita Stakkestad Hanstveit, Rekrutteringspartner HAMNØY AS, +47 452 53 909

    Arbeidsstad

    Osnesvegen 110

    6065 Ulsteinvik

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS



    Referansenr.: 4750750744

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 30.04.2024


    Sted
    Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
    Stillingsfunksjon
    Ingeniør, Prosjektledelse, Ledelse
    FINN-kode
    345572861
    Sist endret
    03. mai 2024 09:53