GULL/SØLVSMEDAR OG PRODUKSJONSMEDARBEIDARAR

Arbeidsgiver
Sylvsmidja
Stillingstittel
GULL/SØLVSMEDAR OG PRODUKSJONSMEDARBEIDARAR
Frist
14.04.2024

Beskrivelse

Vil du vera med i den vidare utviklinga av Sylvsmidja?

ME SØKJER GULL/SØLVSMEDAR OG PRODUKSJONSMEDARBEIDARAR FOR FAST TILSETTING


Me søkjer deg som likar praktiske arbeidsoppgåver og handverk. Me vil ha deg med på laget dersom du kan jobba sjølvstendig, men du må også lika å vera ein del av eit stort arbeidslag der alle oppgåver er avhengige av eit godt samspel.


Du har fagbrev som gull- eller sølvsmed, men kan også ha ei anna fagutdanning innan industriell produksjon eller mekaniske fag. Om du er ufaglært med røynsle frå verkstad, handverks- eller produksjonsbedrift, kan dette kompensera for manglande fagutdanning.

Me tilbyr løn etter avtale og mogelegheit til å verta med i eit team som består av flinke og omgjengelege kollegaer.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med produksjonsleiar
Gry Ukvitne på tlf. 97 66 21 73, eller dagleg leiar Trond Syversen på tlf. 99 20 71 88.

Søknad med CV kan sendast pr. e-post til post@sylvsmidja.no innan 14. april 2024.

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
5700 Voss
Stillingsfunksjon
Produksjon, Håndverker, Annet
FINN-kode
345570169
Sist endret
25. mars 2024 10:14