Inaktiv

Lærarar i grunnskulen 2024/2025

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Lærarar i grunnskulen 2024/2025
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Arbeidet i skulen er spennande og variert. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette verkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss. 

Skulane i Øystre Slidre har skulehelseteam der helsesjukepleiar og psykisk helse saman med skulen bistår elevar og heimar når det er behov for det. Dette er eit lågtersektilbod slik at vi skal kunne komme tidleg inn og forebygge. Frå skuleåret 24/25 har skulane i Øystre Slidre ei 50% stilling kvar med miljøarbeider/sosiallærar som arbeider systematisk med forebyggande arbeid i skulemiljøet. Alle skulane har felles aktivitetar for å skape trivsel og tilhøyrsle i skulen, til dømes  kor på barneskulane og "Fjelltoppar" på ungdomsskulen.

Lidar barneskule vil ha 98 elevar skuleåret 24/25. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for spesialundervisning.
Frå hausten organiserer vi oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga.
Vi oppretter eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar, musikkterapeut  og andre faggrupper. Det er fleire ledige stillingar frå hausten.

Rogne barneskule vil ha 102 elevar skuleåret 24/25. Skulen er organisert i team, og framover vil legge til rette for fagleg fokus ved stor bruk av tolærarsystem i basisfag.  Vi vektlegg kollektivt ansvar for elevane på skulen gjennom god samhandling og ein open og raus profesjonsfellesskap. Vi søkjer deg som brenn for å kombinere fagleg og sosial læring, som vil vere med på å skape ein skule for heile mennesket, og som er oppteken av tilpassa opplæring. Det er pr no 1,5 ledige stillingar frå hausten,

Øystre Slidre ungdomsskule vil ha 113 elevar skuleåret 24/25. Vi jobbar i team, men og i tolærarfunksjon der faglærar og fagseksjonane samarbeider på tvers av trinn. Vi vektlegg eit sterkt fagleg miljø som ynskjer å setje fokus på fagleg utvikling hjå elevane våre. Vi arbeider med å finne gode og konstruktive rutiner for korleis vi skal ha det saman på skulen hjå oss, t.d. reglar for mobilfriskule og organiserte valfrie aktivitetar i friminutta. Vi har eit uteområde som er under planlegging og vi gler oss til det klart. Det er pr no 2 ledige stillingar frå hausten.


Det kan bli fleire ledige stillingar og behov for undervisningskompetanse i andre fag. Det er også behov for tilkallingsvikarar.  



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlærarfunksjon
  • Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen

Kvalifikasjonar

Lidar skule:
 allmennlærar/grunnskulelærar/faglærar. Det er behov for kompetanse mellom anna innanfor norsk, engelsk, matematikk, musikk, kroppsøving og norsk som andrespråk.

Rogne skule:
allmennlærar / grunnskulelærar 1-7 og 5-10 / faglærar. Aktuelle fag kan være engelsk, matematikk og spesialpedagogikk

Øystre Slidre ungdomsskule: 
Vi har hovudsak behov for lærarar i norsk og kroppsøving. Andre fag kan bli aktuelle.

Generelt for alle stillingane:

  • God digital kompetanse
  • Du må vere god på fagleg samarbeid og relasjonsbygging til både elevar, føresette og vaksne på skulen
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • har fagkompetansen vi har behov for
  • er ein trygg klasseleiar 
  • er ein tydelg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
  • ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
  • har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen

Vi tilbyr

Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulen hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet  sitt. Vi opplever at vi samarbeidar godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.
Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing. 

Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar. Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning. Lærarar har telefongodtgjering.Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Vi oppfordrer også lærarstudentar til å søkje. Er studiet lagt opp slik at du kan kombinere det med jobb, vil du skaffe deg nyttig erfaring. Dersom du kan jobbe 50% eller meir, får du ekstra tilrettelegging frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Siv Aina Theodorsen, Rektor ØSUS, 41761631

Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 99690813

Are Alund, Rektor Rogne skule, +47 99734175

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4787350984

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
345568229
Sist endret
27. mars 2024 06:05