Rådgjevar

Arbeidsgiver
Rettleiingstenesta Vestland nord (Førde), Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
12.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vestland fylkeskommune har rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Tenesta skal vere med å legge til rette for at flest muleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med lærebedrifter, skular, kommunar og andre aktuelle instansar.  Vestland nord har ledig 100 % stilling som rådgjevar innanfor vidaregåande opplæring.

Arbeidsoppgåver

Følge opp ungdom med rett til vidaregåande opplæring som ikkje er i opplæring eller arbeid. Halde kontakt med og bruke tilgjengelege nettverk for å bidra til at ungdom utanfor opplæring og arbeid  får studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring. Oppfølging og rettleiing av lærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og opplæringsbedrifter. Bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta.

Andre arbeidsoppgåver innanfor rettleiingstenesta kan vere aktuelle.

Kvalifikasjonar

Utdanning frå universitet eller høgskule. Arbeidserfaring minimum tre år. Kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvaltning. God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk. Evne til å tenke analytisk. God systemforståing. Rettleiingskompetanse og erfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg. Du må ha førarkort klasse B. Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.

Søkjarar utan mastergrad vil eventuelt verte tilsett i annan stillingskode.

Personlege eigenskapar

Lærevillig, fleksibel og evne til å tileigne seg ny kunnskap. Reflektert og løysingsorientert. Inkluderande og byggjer gode relasjonar. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid. Stort engasjement og evne til å motivere. Evne til å arbeide med og løyse problemstillingar i team. Arbeider strukturert, systematisk, sjølvstendig og målretta.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Gode vilkår for fagleg utvikling. Eit spanande og breitt fagleg fellesskap. Løn etter avtale. Dekking av flytteutgifter. Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Andre opplysningar 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført  på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Kontaktinformasjon

Margrethe Eikrem Aarset, leiar, 41243344

Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12

6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4789991546

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.04.2024


Sted
Naustdalsvegen 12, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
345554392
Sist endret
26. mars 2024 10:34