Heimehjelp innan pleie og omsorg

Arbeidsgiver
Vik Kommune Heimetenester
Stillingstittel
Hjemmehjelp
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me har ledig


80 % vikarstilling som heimehjelp frå snarast t.o.m. 01.02.2025, med mogelegheit for forlenging.


Arbeidsoppgåver


Yta praktisk bistand som husvask, handling og liknande i heimen.


Kvalifikasjonskrav


  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Krav om førarkort

Det er ingen spesielle krav til utdanning, men det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan omsorgssektoren.


Personlege eigenskapar


Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me ser etter deg som:


  • er engasjert og positiv
  • ynskjer å gjera tenesta god
  • er løysingsorientert med god evne til gjennomføring

Løns- og tilsetjingsvilkår


Lønn etter kommunalt avtaleverk.


Kommunenen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.


Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.


Andre opplysningar


Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.


Søknadsprosedyre


Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Sektor
Offentlig
Sted
6893 Vik i Sogn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
345551882
Sist endret
25. mars 2024 08:19