Inaktiv

Off. godkjent sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Ørstaheimen avd. Solkroken
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Ørsta kommune er det frå 22.7.2024 ledig 100 % stilling for off. godkjent sjukepleiar. Stillinga er plassert i kommunalområde Helse, omsorg og velferd, Ørstaheimen med f.t. Solkroken som tenestestad. Solkroken er ei somatisk langtidsavdeling med 22 plassar, og vi samarbeider tett med andre faggrupper i kommunen. 
Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.



Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte. 

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tek initiativ og ansvar
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.  

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år, kan vere aktuelt å tilby nytilsette

Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for å ta langvakter på helg. 

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 –  stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar  
 
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.  

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

Kontaktinformasjon

Ingrid Mork, Avd.leiar, 479 06 593, ingrid.mork@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4788440132

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
345545466
Sist endret
10. apr. 2024 06:14