Kreativ og samarbeidsvillig Grafikar med kompetanse innan profileringsfaget

Arbeidsgiver
Furene As Avd Volda
Stillingstittel
Grafiker (skjermgrafikk)
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Næringslivet på Sunnmøre er i medvind og det betyr auka oppdragsmengd for oss i Furene og innan Gravering og Profilering i Dragsund. Furene AS er ei Arbeid og Inkluderingsbedrift og du må like å jobbe med, for og ilag med ulike menneske. Vi ynskjer å sjå moglegheiter for den enkelte og verksemda, som igjen er med å skape ein god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.




Hva vi ser etter

Vi treng ein medarbeidar med grafisk kompetanse innan profileringsfaget


Vi er ute etter deg med grafisk kompetanse, stå på vilje og gode samarbeidsevner til vår profileringsavdeling. Vi leverer i dag produkt og tenester til bedrifter, lag og organisasjonar på Søre-Sunnmøre. Det er eit stort spenn i vår produksjon, frå trykksaker som visittkort og brosjyrer, til arbeid med vindusdekor og fasadeskilt.


Kvalifikasjonar:


  • Utdanning innan grafisk design
  • Relevant erfaring
  • Kunnskap innan Adobe pakka
  • God på kommunikasjon og ha god formuleringsevne på norsk og gjerne engelsk
  • Ansvarsfull, strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Kan og likar jobbe i team
  • Er klar for ei utfordring
  • Kunne rettleie andre; både kollegaer, lærlingar og tiltakstilsette.



Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver vil vere:


  • Grafisk arbeid
  • Kundekontakt, oppfølging av kundeportefølje og sal.
  • Koordinering opp imot kundar, leverandørar og montørar.
  • Delta i produksjon og montering.



Vi tilbyr

Furene AS kan tilby:


  • Spanande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Moglegheiter for å vere med å utvikle avdelinga digitalt
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsavtale og gode velferd og forsikringsordningar
  • Aktivt trivselslag

For stillinga er der krav om førarkort i klasse B og ved tilsetting må det synast fram godtkjent politiattest.


Om du vil vite meir om oss i Furene er det berre å ta kontakt med avdelingsleiar Børge Sætre på tlf. 95 74 37 08, eller personalleiar Gro-Lise M Rise tlf. 97 48 70 94


Søknadar skal sendast til gro-lise.rise@furene.no - merk søknaden: Ledig stilling Dragsund

Sektor
Privat
Sted
Dragsund, 6105 Volda
Stillingsfunksjon
Design / Grafisk, Produksjon, Markedsfører
FINN-kode
345209381
Sist endret
26. mars 2024 07:50