Medarbeidar med kompetanse innan gravering/grafisk arbeid

Arbeidsgiver
Furene As Avd Volda
Stillingstittel
Gravør
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Næringslivet på Sunnmøre er i medvind og det betyr auka oppdragsmengd for oss i Furene og innan Gravering og Profilering i Dragsund.
Furene AS er ei Arbeid og Inkluderingsbedrift og du må like å jobbe med, for og ilag med ulike menneske. Vi ynskjer å sjå moglegheiter for den enkelte og verksemda, som igjen er med å skape ein god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.




Hva vi ser etter

Medarbeidar med kompetanse innan gravering/grafisk arbeid


Vi leverer graverte skilt i stål, aluminium, messing og plast. Dei største kundane våre er innan maritim og marin næring.


Vi søkjer difor deg som har kompetanse innan gravering, CNC og/eller som har grafisk kompetanse. Du må like utfordringar, vere digitalt sterk, nysgjerrig og open for å lære nye ting.


Kvalifikasjonar:


  • Utdanning eller kompetanse innan grafisk design, gravering eller CNC
  • Relevant erfaring
  • Kunnskap innan Adobe pakka, Flexisign, Gravostyle
  • Kunnskap eller erfaring med B2B netthandelsløysingar
  • God på kommunikasjon og ha god formuleringsevne på norsk og gjerne engelsk
  • Er ansvarsfull, strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Kan og likar jobbe i team
  • Er klar for ei utfordring
  • Kunne rettleie andre, både kollegaer, lærlingar og tiltakstilsette



Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:


Dagleg drift av graveringsproduksjonen med;


  • produksjonsplanlegging og arbeidsleiing
  • produksjon
  • ordreregistrering
  • kundekontakt og oppfølging av desse
  • utviklingsarbeid i samarbeid med gode kollegaer
  • vedlikehald av maskiner og utstyr



Vi tilbyr

Furene AS kan tilby:


Spanande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø


Moglegheiter for å vere med å utvikle avdelinga digitalt


Løn etter avtale


Pensjonsavtale og gode velferd og forsikringsordningar


Aktivt trivselslag


For stillinga er der krav om førarkort i klasse B og ved tilsetting må det synast fram godtkjent politiattest.


Om du vil vite meir om oss i Furene er det berre å ta kontakt med avdelingsleiar Børge Sætre på mob. 95743708, eller personalleiar Gro-Lise M Rise mob. 97487094


Søknadar skal sendast til gro-lise.rise@furene.no - merk søknaden: Ledig stilling Dragsund

Sektor
Privat
Sted
Dragsund, 6105 Volda
Stillingsfunksjon
Produksjon, Håndverker, Annet
FINN-kode
345209123
Sist endret
25. mars 2024 06:55